Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frykta potetbille funnen i Sverige

Nyleg gjekk alarmen i Trelleborg hamn i Sverige. Den frykta koloradobilla, også kalla potetbille, vart funnen på kaia.

Skadedyr: Slik ser potetbilla ut. Ho er eit av dei mest frykte skadedyra som kan råke ei potetavling. Foto: Wikimedia

Men etter som det berre dreia seg om eitt eksemplar vart faren raskt avblåsen for eventuelt billeåtak. Koloradobilla kan nemleg øydeleggje potetavlingar, då både billa og larvane et opp potetgraset.

– No var det berre eitt funn av koloradobilla og det er ikkje kome inn fleire observasjonar, seier Carin Bunnvik, sjef for vekstregulseringseininga i det svenske Jordbruksverket til ATL landbrukets affärstidning.

Koloradobilla kan formeire seg svært raskt og har ein stor appetitt. Arten vert derfor sett på som ein av dei mest frykta skadedyra som kan råke ei potetavling. I 1972 og 1983 var det koloradobilleinvasjon i Sverige og potetbøndene vart hardt råka.

Les også: Vinner "Mirakel" kampen mot hvetesykdommen

Les også: Mattilsynet om tomatmøll: Sanering kan bli veldig dyrt

At billa dukka opp i Sverige no kan forklarast med at ho har kome med vinden over Austersjøen, truleg frå Polen.

Annonse

Billa er også ved fleire høve blitt funnen i Noreg, men har aldri etablert seg her.

Les også: Ti potetgårder i karantene

I forskrift om plantar og tiltak mot planteskadegjerarar (matlova) er koloradobilla oppført som eit planteskadedyr det er forbode å introdusere og spreie i Noreg. Det finst også eit intereuropeiske arbeid for å hindre spreiing.

Les også: Hobbydyrkeren kan spre farlige sykdommer

©NPK

Neste artikkel

– Det kan da ikke stemme at det bare er Joker Grue Finnskog som selger lammekjøttdeig?