Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frustrert og forvirra om får

Dei siste vekene har landbruksnæringa diskutert korleis overskotet av lam og sau har oppstått og korleis ein skal løyse problemet.

Overtallig: Mange må dele skyld for overskuddet, skriver innsenderen. Foto: Liv Jorunn Denstadli Sagmo.

Sauebøndene skuldar på Nortura, Nortura skuldar på sauebøndene, alle skuldar på landbruksminsteren og ministeren og Bonde- og Småbrukarlaget skuldar på alle andre enn seg sjølv. Nokon skuldar og på matvarekjedene. Alle har litt rett og ingen heilt feil, men det har vore for stort fokus på investeringstilskota. Næringa splittast og einaste vinnaren blir ministerens liberalistiske ideologi.

Etter fleire år med underskot på kjøt tok næringa tak. I fleire fylke har det vore prosjekt for å få fleire til å byrje med sau eller auke sauetalet. Fram til 2015 var det knapt nokon som var bekymra. Nesten ingen innsåg at dei fjøsa som var bygde fram til 2014 på det tidspunktet hadde bygd opp dyretalet og var i full produksjon frå 2015 og at antal slakt ville auke ganske brått.

Difor var det få som protesterte då Stortinget innførte flate satsar for tilskot både på grasareal og dyretal og i praksis fjerna grensene for kor mange dyr ein kan få tilskot for. Resultatet er at lønsemda for små sauebruk har stått ganske stille medan lønsemda i store sauebesetningar er dramatisk betra fram til overproduksjonen ga prisnedgang. Det er difor ikkje heilt rett å gje korkje Dale eller investeringstilskotet hovudansvaret for problema. Det er næringas manglande bevisstheit kring kapasitetsauken i åra før 2015 og Stortingets volumdrivande endring i tilskota i 2014-oppgjeret som er grunnlaget for overskotet.

Oppi alt dette har sauenæringa vore den ivrigaste i å krevje inntektsauke i jordbruksoppgjera sjølv etter at overskotet oppstod. Jon Georg Dale må vise vilje til å snu noko på voluminnrettinga med sterk auke av kvalitetstilskotet på lam og auke i husdyrtilskotet for dei store.

Annonse

Om vi tek bort investeringstilskot vil det fortsatt bli bygd store sauefjøs utan tilskot i område der det ligg til rette for det. I utkant-Noreg vil det derimot bli full brems. Sjølv i ei næring med overproduksjon er det behov for fornying. I Møre og Romsdal innførte partnarskapet i fjor retningsliner om «etableringsstopp» for sauehald men fornyingsprosjekt med inntil 25 % auke i dyretal vart likt prioritert som andre produksjonar. Dette kan vere til eksempel for fleire.

Vi må vurdere fleire tiltak. Forslaget om redusert påsett er svært godt men baserer seg på frivilligheit. Eit anna tiltak er øvre vektgrense for kvalitetstilskot etter ein viss dato. Dette må differensierast geografisk. No fører kvalitetstilskotet til at unødig mange lam blir fora på heimebeite eller med (importert) kraftfôr for å oppnå kvalitetstilskotet og dette fører til auke i slaktevekt og overskot av kjøt. Fordeling av kvalitetstilskotet på fleire klassar med tre trinn frå O og oppover vil og gje auka fleksibilitet. Reduksjon i dyretilskot, både tal dyr ein kan få tilskot for og sats for dei siste dyra, meir i tråd med det som var før 2014 vil gi utbyggingar i mindre skala i framtida, og kan gjere det lettare å redusere dyretalet noko i eksisterande besetningar. Og følg med no Jon Georg: Før desse pengane over på dei første dyra for å gjere drifta meir lønsam for dei mindre bruka, oppretthalde inntekta på dei store og ikkje stimulere til auke i bruksstorleik som ikkje passar til driftsgrunnlaget.

Neste artikkel

Uforklarleg nedgang i lammesal