Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pollestad: Garanterer Frp-fritt landbruksdepartement

Eg kan lova noko som korkje Kristeleg Folkeparti eller Venstre kan lova: Vinn Senterpartiet valet, vil Noreg ikkje lengre ha ein landbruksminister frå Framstegspartiet, skriv Sps Geir Pollestad i Frå Løvebakken.

Frp har styrt landbruksdepartementet i fire år, Jon Georg Dale har vore minister i snart to. Eit regjeringsskifte er både naudsynt og ynskjeleg, skriv Geir Pollestad. Foto: Siri Juell Rasmussen

Det vil då bli slutt på å ha ein statsråd som nyttar kvart høve til å gå til åtak på berebjelkane i jordbrukspolitikken.

Jordbruket sin plass i den nasjonale valkampen har ikkje vore særleg stor. Det er synd, for det er definitivt slik at jordbruket er ei næring der særleg mykje står på spel. Både for folk innanfor og utanfor næringa. Valet handlar om korleis Noreg skal sjå ut i framtida.

• Les svaret frå landbruksminister Jon Georg Dale: Pessimistane i Senterpartiet tok feil

Ein ting eg trur mange har fått med seg er eit reknestykke om utvikling i talet på heiltidsbønder. Eit heilt absurd reknestykke frå NRK konkluderer med at det er kring 4000 heiltidsbønder i Noreg.

Alle med eit minimum av kjennskap til jordbruket veit at det talet er heilt feil. Det er langt fleire heiltidsbønder i Noreg. Eg vil meine at ein er heiltidsbonde sjølv om ein brukar traktoren til å brøyte litt for kommunen eller andre om vinteren. Det meiner ikkje NRK.

• Les også: Norge trenger bønder, oppdrettsnæring og industri, skriver Frp-leder Siv Jensen i en gjestekommentar.

Og kva gjer me om me godtek at talet på heiltidsbønder er den einaste og beste målestokken på om ein lykkast i jordbrukspolitikken? Svaret er så opplagt at eg ikkje eingong skal plage Nationens lesarar med svaret.

Eg er glad for at jordbruket sjølv er så tydeleg på at det betyr noko for norsk matproduksjon kven som sit i regjering. Eit regjeringsskifte er både naudsynt og ynskjeleg.

Valet på måndag vert avgjerande viktig for ei rekkje saker. Beheld Frp og Høgre med støttepartia KrF og Venstre fleirtalet, eller gjer dei det ikkje? Det vil ha konsekvensar. Her er nokre saker som står på spel:

Skal jordbruksoppgjera dei neste fire åra redusera eller auka inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper? Me har sett i vår at me treng eit nytt fleirtal for å redusera inntektsgapet.

Skal ein nytta eigedomslovene for å sikra norsk eigarskap til jord og skog, sikra rekrutteringa og at bøndene og i framtida eig gardane sine, eller skal me liberalisera konsesjonslova og odelslova? Me treng eit nytt fleirtal for å stagge liberaliseringa.

• Les også: Landbruksdepartmentet på løftebrudd-toppen

Skal me styrka marknadsordningane eller skal me ha fire nye år med åtak på dei? Eit nytt fleirtal med eit sterkt Senterparti vil gje jordbruket fleire verkemiddel til å balansera marknaden.

Eg trur likevel at liberaliseringa og sentraliseringa av jordbruket vil skyte fart om me får fire nye år med Høgre og Frp.

Annonse

Skal me styrka tollvernet eller skal me ha ei liberalisering av det? Utan ei ny regjering går eg ut frå at det kjem nye åtak på tollvernet. Ei liberalisering vil vera alvorleg for heile jordbruket, men vil særleg råka dei største bøndene i Noreg.

Skal me setja i verk verkemiddel for å tøyla kjedemakta eller skal me berre sitje stille å sjå på at matmakta vert samla på stadig færre hender? Eit nytt fleirtal vil erstatte passivitet med tiltak for å spreie makta i verdikjeda for mat.

• Les også: Dale tror bondereformer blir stående

Skal me syta for at det vert etablert beredskapslager for matkorn i Noreg? Då treng me eit regjeringsskifte.

Skal jordvern ha konsekvensar eller skal det vera noko som må vike kvar gong det kjem i konflikt med ei anna samfunnsinteresse? Valet avgjer.

Det er nokså enkelt: Skal landet få ein ny og meir offensiv jordbrukspolitikk for å sikra matproduksjonen i heile landet og for å satse på alle typar bruk, så trengst det eit skifte. Landet treng eit nytt fleirtal og ei ny regjering.

Har ikkje KrF og Venstre bidrege positivt for jordbruket dei siste fire åra? Sjølvsagt ville det sett langt verre ut for jordbruket om ikkje ein samla opposisjon på Stortinget hadde sett skåpet på plass. Eg trur likevel at liberaliseringa og sentraliseringa av jordbruket vil skyte fart om me får fire nye år med Høgre og Frp.

• Les også: Frp og Høyre blir stadig mer bekymret for matmakta

Nokre har betrakta KrF og Venstre sin innsats som å vera eit handbrekk mot blåblå politikk. Kursen har det vore Høgre og FrP som har staka ut medan KrF og Venstre har halde igjen etter beste evne. Eg meiner det er eit godt bilete. Det me også veit om handbrekk, er at dei etter ei viss tid byrjar å mista effekt.

Andre har betrakta KrF og Venstre som støttehjul for regjeringa sin politikk. Som i verkelegheita lagar slike støttehjul mykje lyd. Etter kvart som syklisten vert betre er det stadig sjeldnare dei får høve til å utøve sin funksjon.

Dei som er opptekne av den norske jordbruksmodellen, og meiner denne er både moderne og effektiv, kan rett og slett ikkje røyste på parti som ikkje kan garantera at Frp skal ut av Landbruksdepartementet i haust.

Mykje står på spel for jordbruket i dette valet. Eit sterkt Senterparti på Stortinget vil gjera at ein har eit sterkt parti som alltid står opp for den norske bonden.

Neste artikkel

Alle partiene melder om sextrakassering – unntatt Sp