Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frp og MDG mot «røkla»

Politisk kassandra? MDG-stortingsrepresentant Une Aina Bastholm. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix

Nesten alle andre politiske parti har ei anna tilnærming til klima- og miljøutfordringane enn Framstegspartiet og Miljøpartiet Dei Grøne. Frp er ikkje dobbeltmoralske når dei seier at klima og miljø ikkje er så viktig. Dei seier kva dei meiner, og er ærlege på det. Det same gjeld MDG, men med radikalt motsatt offensiv oppskrift, der partiet tek utfordringane på alvor nå og i nær framtid, og ikkje på eit ubestemt tidspunkt inn i ei uviss framtid. Dess lenger den materielle forbruks- og vekstspiralen får rotere fritt, dess verre blir det å stoppe han.

Alle parti meiner at klima og miljø er ei viktig sak, men talar med dobbeltmoralske tunger, fordi dei samtidig seier at den materielle veksten og (over)forbruket kan halde fram uhemma. Me kjem ikkje vidare med løysing på klima- og miljøsaka ved å halde på med nettopp det som er årsaka til dei utfordringane me står ovanfor, og ved å male oppatt på at dette er ei global oppgåve. Ja visst er det det, men så lenge Noreg er medlem i verdssamfunnet, må også me ta del i miljødugnaden nå.

Dei fleste partia er meir og mindre feige som ikkje vil ta grep som monar, men i staden lar utviklinga skure og gå, i frykt for å bli upopulære i eit land som flyt i overforbruk og velstand langt utover det globale bærekraftprinsippet og klodens samla tålegrenser.

Annonse

Den dagen i framtida det vil vise seg at MDG hadde den politikken som var solidarisk og miljømessig rett for å sikre nettopp framtida for komande generasjonar, vil bortforklaringane hagle frå parti som tok feil, men ikkje vil innrømme det. Da vil det diverre vera for seint å «rette opp att tinga frå i går».

Teknologi og materiell vekst og auka forbruk er ikkje oppskrifta på å forvalte vår felles klode på ein bærekraftig og uthaldande måte. Samspel med naturen, eksistensgrunnlaget vårt, er avgjerande for å lukkast i livet vårt på denne kloden. Det motsatte vil føre oss ut i eit uføre, der kampen om ressursane og maten for å overleve fort kan ende i kaos og kollaps for mennesket sin grådige og egoistiske visitt på kloden, og der dei som har forsynt seg grovt, slik som vestlege land, må ta skulda.

Neste artikkel

Riksrevisjonen er ikke fornøyd med NIBIOs økonomistyring