Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fem familievenlege sykkelturar i fjellet

Ein treng verken dyre syklar eller ein formidabel kondisjon for å nyta norsk natur frå sykkelsetet.

NATUROPPLEVELSE: Den norske naturen og fjellheimen har en rekke turmuligheter som passer for store og små. Rallarvegen starter på rundt 1000 meter over havet og ender på havnivå. FOTO: Sara Johannessen / NTB scanpix / SCANPIX

– Ein sykkeltur i naturen passar perfekt for store og små, seier Mette Habberstad, kommunikasjonssjef i Den Norske Turistforening (DNT).

– Å dela gode naturopplevingar gir heile familien ei felles oppleving. Å slita litt saman, nå eit felles mål og samtidig få flott natur tett på gir familien ei skikkeleg god lagånd.

Det kan også vera lettare å motivera barn og ungdom til sykling enn fottur.

– Sykkel er supert, fordi både små og store kjem fram ved eiga hjelp. Det går trass alt raskare å rulla nedover bakkane enn å gå ned.

Habberstad seier det finst ei rekkje fine turar i norsk fjellnatur som ikkje tek meir enn ein dag eller to, og som er lett tilgjengelege for dei fleste. Ho trekkjer fram fem ruter som passar for alle som kan sykla.

FAMILIEVENNLIG: Mette Habberstad i DNT sier turene passer for alle. De har ingen voldsomme stigninger og det er mange fine steder å stoppe underveis. FOTO: Sindre Thoresen Lønnes / DNT /

Sykkel er supert, fordi både små og store kjem fram ved eiga hjelp.

Raskare fram

Klassikaren

Rallarvegen mellom Haugastøl og Myrdal er den mest populære sykkelturen i Noreg, ifølgje DNT.

– Dette er ein klassikar, og det er det ein grunn til. Turen er lett tilgjengeleg med tog, og ein kan leiga sykkel når ein kjem fram, seier Habberstad.

Det enklaste er å starta frå Finse, men ein kan også starta frå Haugastøl, Ustaoset eller Geilo, som alle finst langs Bergensbanen.

Startar ein frå Haugastøl, bør ein berekna tre dagar på turen, frå Finse to dagar.

Både på Finse og Haugastøl kan ein leiga syklar. Leiga inkluderer returfrakt av sykkelen.

– Rallarvegen er lettsykla, det er noko oppover i starten, men så går det nedover. Og vegen ned er spektakulær. Her er det nydeleg utsikt, fossefall og kulturhistorie. Vegen er bygd med hardt slit av dei som lagde Bergensbanen. Her kan ein lirka inn litt historie til ungane undervegs.

Ein reknar med at meir enn 20.000 syklar ruta kvart år.

Lett fjelltur

Her tek ein utgangspunkt i Grønbua i Veodalen som ligg aust i Jotunheimen, på 1300 meters høgd. I flatt terreng kan ein sykla inn til Glitterheim, ein distanse på 7,5 kilometer.

– Dette er ein svært lettsykla tur med flott utsikt til toppar på over 2000 meter, seier Habberstad.

Ho rår til å ta eit opphald på Glitterheim og leggja inn ein fottur til Glittertind.

– Der er det ofte snø, og ikkje sjeldan kan ein aka store deler av vegen ned igjen.

For å koma til startpunktet tek ein av frå Randsverk sør for Vågå i Oppland, og køyrer bil 24 kilometer vestover på grusveg til parkeringsplassen ved Grønbua.

TAUBANE: Fra Rjukan går Krossobanen opp på fjellet. Den tar sykler og er en fin start på turen som går innover vidda. FOTO: Paul Kleiven /NTB scanpix / SCANPIX

Litt lengre

I Telemark finn du ein litt lengre tur. Utgangspunktet her er Rjukan, der ein kan få ein flying start ved å ta taubanen Krossobanen opp på fjellet. Banen tek med passasjerane, og fem til seks syklar om gongen, opp til 886 meter og køyrer frå klokka 8 til 20 ut september. Barn frå 4 til 15 år kostar 50 kroner éin veg, vaksne 100 kroner og sykkel 80 kroner.

– Her startar ein på historisk grunn, seier Habberstad, og rår til å leggja inn eit besøk på Norsk Industriarbeidermuseum på Vemork.

– Tek ein taubanen, vinn ein mange høgdemeter. Løypa innover er småkupert og passar best for motiverte barn.

Første etappe går til Kalhovd turisthytte, her er grusen ganske grov ein del stader, så det blir rådd til å ha kraftige dekk.

– Hardangervidda er veldig populær blant utanlandske turistar. Andre land har ofte fjell, men slike vidder er meir uvanleg. Denne turen er ein fin start for å bli kjend med området.

Neste dag følgjer ein skilta rute med fine utforkøyringar ned Breisetdalen og Gausetdalen. Ved Tinnsjøen tek ein riksvegen til Rjukan. Det siste stykket er lettsykla, men med noko trafikk.

Turen er totalt på rett under ni mil.

BERGENSBANEN: Rallarvegen starter langs Bergensbanen. Man kan begynne på Finse, Haugastøl, Ustaoset eller Geilo, alle stasjoner på banen, avhengig av hvor lang man ønsker at turen skal bli. FOTO: Sara Johannessen / NTB scanpix / SCANPIX

Peer Gynt-ruta

Annonse

I Gålå og Skei-området vest for Fåvang og Ringebu i Gudbrandsdalen er det lettkupert terreng som ligg på 800 til 1000 meters høgd. Turen er ein del av det som blir kalla Peer Gynt-vegen.

– Dette er ein morosam tur, ein er høgt oppe og kan sjå heilt til Rondane og Jotunheimen, seier Habberstad.

Her kan ein til dømes starta på Gålå og ta ein runde på kjerrevegar og grus via Toftesetra-Fagerhøi-Vendalsvannet-Grevssjødalen-Toftesetra-Gålå. Løypa er småkupert og rundt 3,5 mil lang. Er det i lengste laget, kan ein kutta av 1,5 mil ved å starta på Toftesetra.

– Undervegs er det mange flotte teltmoglegheiter viss ein vil dela opp turen, og det er svært gode høve til å fiska.

Vaksne må hugsa fiskekort, mens barn og ungdom under 16 år ikkje treng det.

– Det er elles veldig gode moglegheiter for stisykling i området, viss ungane har lyst til å prøva det.

Tilkomst er via E6 som ein tek av frå ved Hundorp eller Vinstra. Parkeringa er ved Gålå handel ved Gålåvannet.

Rallartur i nord

Langs Ofotbanen mellom Narvik og grensa til Sverige går det også ein rallarveg. Den gamle anleggsvegen er 1,3 mil lang, startar på 500 meter og endar på havnivå.

– Her er det røff natur, og Narvik har også ein gondolbane som kan ta deg opp på fjellet. Omgivnadene gir store kontrastar med både fjell og hav, seier Habberstad.

Syklar er i utgangspunktet ikkje lov på toget, men Habberstad seier at det ofte kan løysa seg viss ein tek kontakt med NSB. Eventuelt tek ein bil eller buss frå Narvik til Bjørnfjell for så å sykla. Turen kan forlengjast frå Kattegat stasjon til Hunddalshytta, på ein 12 kilometers grusveg.

Du må ha god tid

Kjetil Østli er journalist, forfattar og gründer av naturmagasinet Harvest, og har fire barn i alderen to til tolv år som ofte er med på utflukter. Han har gjort seg nokre erfaringar når det gjeld sykkelturar med barn.

– Ha alltid ting bak eller bakpå sykkelen, ikkje på ryggen. Lån sykkelhengar eller sykkelvogn av venner viss du ikkje har sjølv, bruk også sykkelvesker og for all del, ikkje gløym lappesaker!

Han strekar under at ein aldri skal leggja opp ein ambisiøs tidsplan.

– Barn kan forsera enorme avstandar på ein dag, men aldri i raskt tempo. Ein tek det supersakte oppover, et kilometer bortover og nedover.

TIDEN DET TAR: Kjetil Østli har vært på mange turer med sine barn, og sier man aldri skal presse på i oppoverbakker, det er på flata og nedover man skal spise kilometer. FOTO: Kjetil Østli /

Østli fortel at sonen Ask, som akkurat har fylt 6 år, nyleg sykla heile Nordmarka, frå Mylla til Sagene. Dei brukte åtte timar på strekninga som er cirka 5 mil.

– Ein må ha så god tid. Er det sommar og sol, badar ein seg gjennom skogen. Det har vi gjort tre gonger i år. Barna digga det, vi hadde tre til fem bad per tur.

Alt frå typiske bysyklar til terrengsyklar kan brukast.

Ikkje smale dekk

Førebuingstips

– Eg er ein forkjempar for å ta utgangspunkt i det utstyret ein har, seier Kristoffer Kippernes, redaktør i bladet og nettstaden Terrengsykkel.

Han meiner ein på ingen måte treng å skaffa seg ein avansert sykkel for å ta ein tur på grus- eller kjerreveg.

– Ein landevegssykkel vil kanskje kjennast litt ustødig og er utsett for punktering for dei fleste. Alt frå typiske bysyklar til terrengsyklar kan brukast. Det er viktig at dekka ikkje er for smale, dei bør ha ein dimensjon som gjer at dei taklar laus grus og nokre steinar. Dekka må ha mønster eller knastar for godt grep i svingar og under oppbremsing.

UTSTYR: Man trenger ikke rådyre terrengsykler. Dekk som har mønster og en dimensjon som tåler grus er det viktigste. FOTO: Dag G Nordsveen / Samfoto / DIGITALBILDE 21,8 MB TIF 23.10.09 14:58

Noko ekstrautstyr bør ein også ha med, for å unngå kjedelege havari.

– Ekstra slangar er lurt, pass på at du har rett type til alle syklane som er med. Ta også med ei pumpe og eit lappesett.

Kippernes rår vidare til eit miniverktøy med kjedekuttar, og ein kjedelås eller splint som gjer at det ikkje blir ein katastrofe dersom eit kjede skulle ryka.

– I tillegg bør du ha nokre bitar gaffateip, som kan tetta flengjer i dekket, og eit par strips som kan festa ein laus skjerm eller liknande. Har ein dette, skal det meste kunne fiksast uansett kor du er.

Moderne sykkelvesker, så kalla bikepacking-utstyr, kan vera fikst.

– Eg får heilt vondt når eg ser folk sykla med ein 60-literssekk på ryggen. Veskene ein har i dag passar til dei fleste syklar og kan ta mykje av det tunge ein har med.

Desse er tilpassa slik at dei kan festast på ramme, sete og styre, og kostar frå 700 kroner per veske.

– På denne måten gjer ein turen så smidig som mogleg.

Neste artikkel

Fargerikt i Numedal