Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Felleskjøpet Agri snart utselt for såkorn med kort veksttid

Sterkt forseinka våronn fører til stor pågang for å bytte til tidlege såkornsortar. Felleskjøpet Agri er alt utselt for tidleg bygg og havre.

Frost, tele og kald og blaut vår fører til store forseinkingar i våronna rundt om i det meste av landet. Som Nationen skreiv i går, fører vêret til storstilt fôrmangel blant husdyrbønder særleg på Sør-Vestlandet. Blant kornbønder fører forseinkinga til at tida begynner å renne ut for dei som har planlagt å så vårkveite eller andre seine kornsortar. Felleskjøpet Agri merkar stor pågang frå bønder som vil skifte til sortar som treng kortare veksttid.

- Eg har 40 års fartstid med jord- og plantekultur, men eg har aldri opplevd at det har vore så vanskeleg og seint før. Vêrmeldingane er heller ikkje bra. Mange fryktar det blir for seint å så vårkveite og mange vil bytte til andre sortar. Måndag åleine fekk vi ordrar på 400 tonn såkorn, seier produktsjef for såkorn, Atle Ivar Flaa, i Felleskjøpet Agri.

Utselt for mange sortar

Den store pågangen fører til at Felleskjøpet Agri rekna med å gå tom for såkorn av tidlege bygg- og havresortar alt i løpet av gårsdagen. Det er heller ikkje råd å fylle på med import av denne typen såkorn.

- I Sverige og Danmark har dei ikkje så tidlege sortar som mange bønder her i landet ønskjer på grunn av kort norsk vekstsesong. Finland hjelpte oss med såkorn i fjor, men i år har dei ingenting å selje, seier Flaa, som viser til at dårlege avlingar i Finland i fjor gjer at dei har nok med å serve den innanlandske marknaden.

Les også: FAO venter rekordstore kornavlinger i år

Alternativet for bønder som fryktar det blir for seint å så vårkveite er ifølgje Flaa seinare byggsortar. Erter og rybs blir også trekt fram som eit alternativ, medan det snart er utselt også for seine havresortar.

Rammar bondeinntekta

Leiar Svein Stubberud i kornutvalet i Norges Bondelag seier situasjonen gir all grunn til ettertanke.

- Det er ein skremmande situasjon. Det at vi går tome for viktige såvarer viser kor sårbart samfunnet er, seier Stubberud.

Omgrep brukt om arbeidet bonden gjer ute på åker og jorde om våren, som pløying, såing utplanting av planter eller setjing av poteter.

Annonse

Han viser til at styresmaktene for rundt ti år sidan vedtok å leggje ned såkornlagra. Regjeringa har vedteke å gjenreise såkornlagra, men så langt har det ikkje praktisk vore mogleg å få til mykje grunna dårlege kornavlingar.

Stubberud reknar med at våronna er rundt tre veker seinare enn vanleg i området rundt Oslofjorden og han tippar at berre rundt ti prosent av våronna er unnagjort.

Les også: Forskere gir arktisk issmelting skylda for den kalde våren

- Det er dramatisk. Ein må truleg tilbake til 60-talet for å finne tilsvarande forseinkingar og vanskar, seier han.

Resultatet er han sikker på vil svi i lommeboka til kornbonden.

Les også: Laveste kornavling siden 1994

- Seinare våronn gjer at bonden får auka kostnader, medan avlingspotensialet går ned. Det er viktig å få ei godt jordbruksoppgjer for kornøkonomien, men på kort sikt betyr vêrforholda vi har mykje meir for økonomien til bonden. Vi får håpe at våronna kjem i gang snart for alvor, seier Stubberud.

Leiar Leiv Blakstad i Kornbøndenes Interesseorganisasjon (KiO) seier at forseinkingane i våronna normalt også fører til seinare innhausting av kornet. Det kan du lesa meir om i Nationens papirutgåve eller eavis torsdag 16. mai. Eavisa kan du kjøpa her.

Neste artikkel

Felleskjøpet ventar med grovfôr-import