Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Færre hjorteskilt skal auke respekten

Vegvesenet meiner bilistane blir åtvara mot hjortefare for ofte.

(NPK): - Vi ønskjer færre skilt. Skilta har ikkje respekt hos bilførarane når ein har for mange av dei, seier miljøkontakt Ann Kristin Nes i Statens vegvesen til NRK.

Problemet med hjortepåkøyrsler er stort på Vestlandet.

Annonse

Derfor er det også sett opp mange fareskilt langs vegane. Men vegvesenet opplever at mange bilistar ikkje bryr seg om skilta, fortel Nes.

- Vi vil at dei skal bli respekterte. Når det står eit viltskilt der, så er det ikkje utan grunn, seier Nes. Vegvesenet vil difor ha færre hjorteskilt langs vegane i eit håp om at folk skal få auka respekt for dei skilta som står att. Berre dei stadene med størst behov vil bli merkte. (©NPK)

Neste artikkel

Mener EU kan svekke sikkerheten på den norske jernbanen