Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

2 Bilder

EU kan vedta kutt i norsk landbruk

Regjeringa jobbar for at Noregs mål for utsleppsreduksjonar i jordbruket og transportsektoren skal fastsetjast på same grunnlag som for EU-landa. 
– Viktig å hugse at landbruk ikkje er del av 
EØS-avtalen, seier Bondelaget.

Eva Aalberg Undheim
Publisert: 23.11.15 00:00

Neste veke startar klimatoppmøte i Paris, der det skal forhandlast om langsiktige klimamål fram mot 2050 og der landa skal melde inn kor mykje og korleis dei planlegg å kutte i klimagassutsleppa sine. Til liks med EU, har Noreg mål om å kutte 40 prosent av eigne klimagassutslepp jamført med 1990-nivået innan 2030 og Noreg vil inngå avtale med EU om sams oppfylling av klimaforpliktingane.

Ein slik avtale inneber at Noreg for fyrste gong legg sektorar som jordbruk, transportsektoren, bygg- og avfallsbransjen – såkalla ikkje-kvotepliktig sektor – inn under EUs regime for utsleppskutt. Det går fram av stortingsmeldinga om Noregs nye klimamål fram mot 2030 som Stortinget gav tilslutning til i vår.

Norsk industri og olje- og gassektoren er allereie i dag omfatta av det felles europeiske kvotesystemet. Framover kjem sektorar som ikkje er omfatta av kvotesystemet i dag, som jordbruk, til å verte sterkare råka av europeiske løysingar. Det stadfestar EU- og EØS-minister Vidar Helgesen (H) overfor Nationen

– Det er klart det vil leggje føringar for norsk klimapolitikk på alle dei områda som vert råka av gjennomføringa av utsleppsmålet. Det er uavhengig av sektor, men dei sektorane som ikkje allereie er omfatta av det europeiske kvotesystemet er då primært samferdsel og landbruk, seier han.

Støttar EU-tilnærming

Leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag seier han forventar at regjeringa i forhandlingane med EU ikkje gir vekk handlingsrom som gjer det vanskeleg for Noreg å ha ein nasjonal landbrukspolitikk framover.

– Det er viktig å hugse på at landbruk ikkje er ein del av EØS-avtalen. Alle land vil ha behov for å verne sin nasjonale matproduksjon i desse prosessane, og det er legitime omsyn, seier han.

Bondelaget veit ikkje enno kva betydning det får for norsk landbrukspolitikk at klimamåla for landbruket kan verte sette av EU.

– Det er litt tidleg å gi noko svar på no, sidan vi ikkje veit kvar EU har tenkt å leggje seg. Kor bra det vert er avhengig av korleis systemet vert. EU legg vekt på at i gjennomføringa er det omsynet til mat og matproduksjon som er det aller viktigaste. Det er ei tilnærming vi støttar, seier Bartnes.

Skal fordelast mellom land

Avventande

«Kor bra det vert er avhengig av korleis systemet vert.»

EU vil nå det overordna målet om 40 prosent utsleppsreduksjon gjennom å kutte utsleppa i kvotepliktig sektor, som industri, olje og gass, med 43 prosent jamført med 2005-nivå, medan ikkje-kvotepliktig sektor samla skal redusere utsleppa med 30 prosent jamført med 2005-nivå.

Kor mykje kvart enkelt land må kutte i utsleppa for å nå målet for ikkje-kvotepliktig sektor, skal avgjerast av EU i 2016.

Kutta skal fordelast på landa ut frå BNP per innbyggjar, og med justeringar for kostnadseffektivitet for landa med BNP over EU-snittet. Det inneber at kvart enkelt land kan få krav om utsleppskutt på mellom 0 og 40 prosent i ikkje-kvotepliktig sektor.

Politisk rådgjevar Jens Frølich Holte (H) i Klima- og miljødepartementet seier regjeringa jobbar for at Noregs mål for utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor skal fastsetjast på same grunnlag som for EU-landa, og i størst mogleg grad parallelt med EU-landa.

– Det høge inntektsnivået vårt trekkjer i retning av at målet vårt kjem til å liggje i øvre ende av intervallet, seier han.

Ein føresetnad for norsk deltaking i EUs fordeling mellom land, er at Noreg får same fleksibilitet og mekanismar for gjennomføring som EU-landa, seier Holte. EU har lagt opp til at nokre av kutta i jordbruket, transportsektoren, bygg og avfallsbransjen kan gjerast ved kjøp av kvotar i EUs kvotesystem eller ved gjennomføring av klimatiltak i andre EU-land.

Holte seier det største potensialet for utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor i Noreg gjeld transportsektoren.

– I landbruket er ikkje potensialet like stort, men her er det også ein del som kan gjerast. Auka utnytting av husdyrgjødsel til biogass er eitt av tiltaka som kan bidra til å kutte utslepp i jordbruket, og samstundes gi auka tilgang på biogass som erstatning for fossilt drivstoff i køyretøy, seier han.



Annonse