Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er eit forbod mot dyrking av myr nødvendig?

Eit forbod mot dyrking av myr vil ha konsekvensar for målet om å auka matproduksjonen og målsetjinga om landbruk i heile landet.

Myrdyrking: Nydyrking av myr har vorte eit stridstema i jordbruket på grunn av klimagassutslepp. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Det har dei seinaste vekene vore fleire kronikkar og innlegg i Nationen av forskarar i Nibio som gjev til kjenne sterk støtte til forslaget om «Forbud mot dyrking av myr». Dette vert grunngjeve mellom anna med at det er eit samfunnsøkonomisk lønnsamt tiltak og at det ikkje trengst meir dyrka areal.

Det er faglege grunnar for at eit generelt forbod mot dyrking av myr må nyanserast og erstattast av å formulera kva kategori myr som kan dyrkast og korleis.

Lat oss sjå litt nærare på utgangspunktet ein bør byggja på når ein drøftar spørsmålet om nydyrking av myr ut frå ei agronomisk og miljømessig tilnærming. Dyrka areal av myrjord i drift i Noreg er om lag 550.000 dekar. I Nibio-rapport nr. 43, 2016 «Kunnskapsgrunnlag om nydyrking av myr» vart det uttrykt at dyrka areal av myrjord har auka etter 1990 grunna nydyrking, og at klimagassutsleppet dermed også har auka.

Dyrking av myrjord frå 1990 og fram til no har vore om lag 2000-2500 dekar årleg. Dette er eit mindre areal enn det myrjordsarealet som årleg går ut av drift, vurdert ut frå total reduksjon i dyrka areal og at reduksjonen har vore størst på myrjord. Attåt dette kjem at noko areal med det som opphavleg var grunn myrjord over mineraljord, og som har vore under kultur lenge, no er mineraljord utan at dette vert fanga opp av gjeldande registreringsmåte av areal i Noreg.

• Les også: Forbud mot nydyrking av myr vil være en urimelig belastning for enkeltbruk i distrikter, mens økte drivstoffavgifter virker urimelig i distrikter hvor bilen er en nødvendighet. Klimatiltak er dessverre sjelden rettferdige, skriver Ivar Pettersen ved Nibio.

Det er rett å framskriva, slik det kjem fram i Bioforsk Rapport nr. 11, 2014 «Klimagasser fra jordbruket» (Grønlund og Harstad), at det også vidare framover vil vera ein reduksjon i myr som jordbruksareal, då mineralisering av organisk materiale på tidlegare dyrka grunn myr gjer at ein gradvis får overgang til mineraljord. Dette er innebygd i berekningsgrunnlaget for frigjeving av CO2.

Gjennomgangen gjort av Bjørkelo, som er ein viktig del i Nibio-notatet sendt til Landbruks- og matdepartementet (LMD) i mai 2017, viser at arealtala over kva som er dyrka er vesentleg annleis enn i Nibios Rapport 2/43-2016. Arealtala i notatet viser at det har vore ein preferanse for å dyrka grunn myr. Kor mykje som er dyrka med tradisjonell dyrkingsmåte og drenering (røyrgrøfter), og kor mykje som er dyrka med omgraving er ikkje kjent.

Resultat frå forsking syner at ein kan redusera frigjeving av klimagassane lystgass og metan vesentleg ved å nytta omgraving som dyrkings- og dreneringsmåte. Ved omgraving, der ein legg 50-70 cm mineraljord frå undergrunnen oppå myrjorda og har drenerande skråstilte lag med mineraljord som syter for vasstransport, oppnår ein å kunne halda nivået for grunnvasstanden slik at det vert lite oksygentilgang til den underliggjande torvjorda, og dermed lite nedbryting av organisk materiale og frigjeving av CO2.

Samstundes kan ein oppnå gode vilkår for rotutvikling og plantevekst i topplaget av mineraljord, og etter kvart grunnlag for innlagring av organisk materiale avhengig av opphavsmaterialet og kornstorleiksfordelinga i mineraljorda. Det pågår forskingsarbeid med mål om å klårgjera desse spørsmåla betre.

Det er nemnt fleire gonger i kronikkar og innlegg at det ikkje trengst meir grasareal til nogjeldande og framtidig landbruksproduksjon, seinast av Ivar Pettersen i Nationen 21. september. Dette er lite nyansert og lite underbygde påstandar.

Ein kan ikkje utan vidare konkludera med at samfunnet bør velja tiltaket med lågaste kostnad.

Annonse

• Les også debattinnlegget: Et forbud mot myrdyrking koster mer enn det smaker

I fleire av regionane der grasdyrking og grovfôrbasert husdyrhald dominerer, er grovfôrgrunnlaget for lite, og det vert brukt ein stor del importert fôr. For å oppretthalda matproduksjon på norske ressursar i takt med folkeauken, vil det vera trong for å oppretthalda og i fleire område auka grovfôrarealet.

I rapportar og notat til LMD og i kronikkane og innlegga er det uttrykt at eit forbod mot dyrking av myrjord er kostnadseffektivt. Det vil vere variasjon over tid, og mellom stader og dyrkingsmåtar i kor store utsleppsreduksjonane vert, og kva det kostar å dyrka myr. Dersom ein undervurderer denne variasjonen, kan eit generelt forbod medverka til å hindra nydyrking av myrtypar med dyrkingsmåtar som gjev moderate utslepp.

Eit tilknytt spørsmål er dei usikre overslaga i økonomiske studiar av klimatiltak, som stammar frå usikkerheit i dei underliggjande data og skjønnsmessig definerte føresetnader. Eit forbod mot dyrking av myr vil og ha konsekvensar for målet om å auka matproduksjonen, og målsetjinga om landbruk i heile landet. Når tiltak har verknader på andre viktige samfunnstilhøve, kan ein ikkje utan vidare konkludera med at samfunnet bør velja tiltaket med lågaste kostnad.

Driftsøkonomisk kan det vera lønsamt å dyrka grunn myr ved omgraving. Dersom alternativet er å køyra langt for å henta fôr, vil det ofte vera lønsamt å dyrka nær driftssenter for å spara køyrekostnader. Omgraven myr på Fræna viser gode og stabile grasavlingar og lønsemd, sjølv ved høg investeringskostnad samanlikna med grøfta myr. Drenering ved omgraving har ei lengre levetid utan at nye dreneringstiltak må setjast inn.

• Les også: Et forbud mot nydyrking av myr vil være et kostnadseffektivt klimatiltak og ikke til hinder for å øke matproduksjonen i Norge.

Jordeigenskapane og jordfysiske forhold i topplaget med mineraljord gjer at jorda tørkar fortare opp og får betre bereevne slik at driftsoperasjonar kan gjerast til rettare tid. Grunnvasstanden kan lettare haldast på eit lægre nivå under jordoverflata på omgraven myrjord enn på grøfta myrjord, slik at frigjeving av lystgass og metan vert mindre.

Landbruksdrift med grunnlag i dyrking og drift av jordbruksareal er ei langsiktig investering innanfor biologisk produksjon. Difor kan vi ikkje sjå at det er rett som det vert uttrykt i notatet frå Nibio mai 2017; at interessegruppa som vert skadelidande av eit forbod mot dyrking av myr «vil vere størst i første år etter innføring av forbud og siden trappes raskt ned mot null i takt med den nydyrking som skulle funnet sted».

I mange område vil det vera ein viss trong for å dyrka myr, men det må gjerast på ein måte som tek omsyn til krav om reduserte utslepp av klimagassar. I ny forskrift for nydyrking er det mogleg å differensiere ved å formulera kva kategori myr som kan dyrkast og korleis.

Neste artikkel

Frihandel er inga naturlov