Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eitt avslag og ei fråråding om vasskraft i Telemark

NVE har gitt svar til to søkarar som vil bygge kraftverk Bø kommune.

NVE meiner Nye Oterholtfoss kraftverk vil ha negative effektane for mellom anna elvemusling. Foto: NIBIO

NVE rår Olje- og energidepartementet til ikkje å gi løyve til å byggje Nye Oterholtfoss kraftverk i Bø kommune.

NVE avslår samtidig søknaden om å byggje Herrefoss kraftverk i same kommune.

Det er Midt-Telemark Energi AS som har søkt om løyve til Nye Oterholtfoss kraftverk og interimsstyre for Herrefoss har søkt om løyve til Herrefoss kraftverk i Bøelva, i Bø kommune i Telemark.

Nye Oterholtfoss kraftverk og Herrefoss kraftverk er planlagde som elvekraftverk med årleg produksjon på høvesvis 42,1 GWh og 16,2 GWh.

Annonse

NVE meiner Nye Oterholtfoss kraftverk vil ha negative effektane for fisk, elvemusling, friluftsliv, landskap og kulturmiljø.

Når det gjeld Herrefoss kraftverk, har storaure, elvemusling og fiskeinteressene i Bøelva vore sentrale tema i NVE si vurdering av prosjektet.

NVE meiner at dei negative verknadane for desse er store, vurdert opp mot planlagt produsert kraft.

Neste artikkel

Frykter økt import etter avgiftshopp