Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Død over proteksjonismen

Når det er så mange pengar å tene på olje, gass og laks, er det fort gjort å gløyme av alle dei andre interessene.

Næringsminister Monica Mæland, her på offisielt besøk i Kina, har nett lagt fram ein eksportstrateg saman med fleire av sine statsrådkollegaeri. Der er frihandel og nedbygging av proteksjonisme to av Noreg sine strategiar internasjonalt. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Regjeringa kunne difor ha vorte orsaka for noko av det som står i den nye eksportstrategien «Verda som marknad». I seg sjølv er det ikkje veldig mange nye, konkrete tiltak i strategien, som altså skal leggje løpet for korleis Noreg kan bli ein endå større eksportnasjon. Det har ikkje vore overveldande stor interesse for strategien, heller, sidan den vart lansert av fiskeriminister Per Sandberg i byrjinga av september.

Norsk næringsliv er i stor grad eksportretta, i alle fall delar av det. Olje, gass, fisk (mest oppdrett), leverandørindustri – totalt eksporterte Noreg for ein verdi av 747,14 milliardar i 2016. Olje- og gasseksporten utgjer 35 prosent av verdien av den totale eksporten, og 47 prosent av vareeksporten. 70 prosent av norsk eksport var i fjor varer, og 30 prosent tenester. Blir råolje og naturgass halde utanfor, er talet 53–47. 80 prosent av den samla vareeksporten går til EU. Det er ikkje mindre enn formidabelt.

«Noreg kunne ikkje ha nådd dagens velstandsnivå utan internasjonal handel og investeringar.» Nei, fint, men tyder det at me skal bygge ned alt? Ikkje stille krav til investorar? Framleis tole sosial dumping til sjøs? Er det ei naturlov at einaste måten å vekse på, er å kvitte seg med såkalla handelshindrande proteksjonisme? Som gjerne inneber statars rett til å bestemme sjølv, gode arbeids- og lønsvilkår, lokal eigarskap over ressursar i skog, jord, vatn og minerala i fjella?

Naturloven som gjennomsyrar eksportstrategien er i alle fall frihandel. Noreg skal internasjonalt arbeide for å byggje ned handelshindringar, og det blir åtvara mot at verda går i meir proteksjonistisk lei, utan at det blir konkretisert ytterlegare kven, kva og kvifor. Det er sjølvsagt nærliggjande å tenkje at eitt døme er Donald Trump, som har lagt forhandlingane om TTIP-avtalen på is etter at han vann det amerikanske presidentvalet.

Men «teikn på auka proteksjonisme» kan like gjerne vera enkeltstatars arbeid for å hindre utanlandsk, skatteparadis-registrerte selskap å ta eigarskap over naturressursar, eller å sikre ein lokal og nasjonal vassforsyning til eiga befolkning, utan at nokon skal kunne tene gode pengar på utbyte. Eller å la vera å gi EU endå høgare tollfrie ostekvotar.

Og medan EU aktivt diskuterer konsekvensar av stadig høgare kinesiske investeringar i EU, som Dag og Tid nyleg skreiv om, ventar den norske regjeringa på kva EU vil gjera. Store EU-land som Frankrike, Tyskland og Italia fryktar tap av nøkkelteknologi i Europa, og har bede EU-kommisjonen ta grep.

Derimot er regjeringa i eksportstrategien svært tydeleg på ynsket om å trekkje til seg fleire utanlandske aktørar til Noreg, og det utan atterhald av noko slag. I 2015 var summen utanlandske aktørar hadde investert i direkteinvesteringar i Noreg 1218 milliardar. Å sleppe den utanlandske storkapitalen laus i alt frå vasskraft til skog, fjell og fiskeindustrien er regjeringa sitt mantra. Og utlendingane vil nok kjenne si besøkingstid, i motsetning til norske investorar, særleg når målet er at oppdrettsnæringa skal femdoble seg.

Naturloven som gjennomsyrar eksportstrategien er i alle fall frihandel.

Oppsummert

Ikkje berre olje og gass

1 35 prosent av verdien av den totale eksporten frå Noreg kjem frå olje og gass.

Ikkje berre eksport

2 Regjeringa vil gjera døra høg og porten vid for fleire utanlandske eigarar i norsk næringsliv.

Overskotet forsvinn

3 Meir utanlandsk eigarskap i Noreg vil føre til at meir av overskotet frå utnytting av norske naturressursar forsvinn ut av lokalsamfunna.

Annonse

Regjeringen tror kanskje de løper norske interessers ærend ved å gi noen norske selskaper cowboy-rettigheter i utlandet, men de glemmer helheten, skriver Taran Grefberg i Spire.

Men til kva pris? Miljøkonsekvensane og dei store utfordringane med dyrevelferd i oppdrettsnæringa er godt belyst. Ei undersøking Nordlys presenterte 1. september syner at over halvparten av eigarskapen til oppdrettsnæringa i Nord-Noreg held til i Oslo, Bergen, Trondheim og utlandet.

Utbyttet til laksenæringa i nord var på svimlande seks milliardar i fjor, ifylgje avisa. Regjeringa tykkjer altså det er heilt greitt at endå meir av overskotet frå ei næring den same regjeringa har vanskar med å stille strengare miljø- og velferdskrav til, blir sendt til utlandet.

Og angst for proteksjonisme snik seg også inn i debatten om norske løns- og arbeidsvilkår. Norsk Sjømannsforbund arbeider for at norske løns- og arbeidsvilkår skal gjelde på norsk sokkel og i norske farvatn. Næringsminister Monica Mæland kallar det proteksjonisme. Det er i overkant kreativt å kalle norske løns- og arbeidsvilkår for proteksjonisme, men der er altså regjeringa.

Før sommaren støtta til slutt Høgre og Frp at det skal gjennomførast ei utgreiing av spørsmålet, men partia har éin føresetnad: Utgreiinga må vurdere «mulige negative handelsmessige virkninger av økt proteksjonisme for Norge i et bredere perspektiv, herunder om og eventuelt i hvilken utstrekning dette kan påvirke andre eksportnæringer negativt».

Når interessene til folk flest står i motstrid til stortkapitalen sine, har altså regjeringa valt side. Det er berre så synd dei skal sitje i fire år til.

Neste artikkel

Har vi ikkje råd til medisinar?