Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Distrikt og sentralisering

Ressursar: Skal me i større grad kunne ta naturressursane i bruk på berekraftig vis, må det bu folk der desse ressursane er, skriv innsendaren. Foto: NTB scanpix

I Nationen 23. august er det både eit saksoppslag og ein kronikk om distriktspolitikk som Tankesmien Agenda står bak. Her blir det hevda at distriktspolitikk må bli eit honnørord, men at det i staden har blitt eit fyord. Eg vil ikkje gå så langt i kritikken, som er retta mot regjeringa, men heller seie at distriktspolitikk er eit ikkje-tema i regjeringskrinsar til fordel for sentralisering.

Regjeringa meiner at tenestetilbod, etableringar, produksjon og bumiljø kan samlast i store byliknande sentra i distrikta, og hevdar at det er god distriktspolitikk, og det som verre er at byane er der den største verdiskapinga går føre seg.

Skal me i større grad kunne ta naturressursane i bruk på berekraftig vis, må det bu folk der desse ressursane er, og det er slettes ikkje i byane. Naturressursar er ikkje flyttbare, og derfor må busetjinga lokaliserast til desse verdiane. Verdiskapinga og ressursutnyttinga i distrikta kan ikkje fjernstyrast frå Oslo og andre byar.

Annonse

I ferie og fritid er bygdene kjærkomne opphaldsstader for byfolket. Det betyr kanskje at byen er blitt ein «ondskapens plass» å vere for arbeidsplassens skuld. Men så fort høve byr seg rømer bymenneska ut til distriktsfriheita for å ta seg att der. Var det ikkje da betre å kunne vera på landsbygda heile tida, ha arbeidet sitt der, og sleppe «maurtuvetilveret» i byen.

Kvifor ikkje søke kommunen om dispensasjon til å ta i bruk den store og flotte hytta til bustad og bli innbyggjar i kommunar som treng fleire produktive folk. Det betyr at arbeidsplassen må ut av byen og at ein i større grad må satse på meir kreativ bruk av ressursane som finst i distrikta.

Neste artikkel

En mann for distriktene?