Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det tyske jordskjelvet

Angela Merkel blir sittande. Ut over det er det ikkje mykje som er ved det gamle etter Forbundsdagsvalet i Tyskland.

AfD sine toppkandidatar Alexander Gauland og Alice Weidel feira søndag at det relativt nye partiet har fått stor oppslutning i det tyske valet. Foto: Michael Probst / AP / NTB Scanpix

Det etablerte tyske politiske landskapet krakelerer og noko anna stig fram. For første gong etter 1945 får eit høgrepopulistisk parti plass i den tyske nasjonalforsamlinga. Og det er ingen liten plass. I skrivande stund ser det ut til at partiet Alternative für Deutschland (AfD) får 94 representantar i Forbundsdagen.

5,9 millionar tyskarar har stemt på eit parti som i grunnen berre har to saker på programmet: eit nei til innvandring og eit standpunkt om at islam ikkje høyrer til i Europa. På valnatta erklærte ein av AfD sine sjefar, Alexander Gauland, at vi skal «hente tilbake landet vårt og folket vårt». På norsk høyrest setningane ikkje umiddelbart ut som eit trugsmål. På tysk høyrest det ut som noko som er blitt sagt før.

Angela Merkel blir ofte omtalt som verdas mektigaste kvinne. No har prestedottera frå småbyen Templin vunne sitt fjerde val. Men ho er ikkje noko sigerskvinne. Paritet hennar CDU går tilbake med heile åtte prosentpoeng. Men ettersom alle andre parti gjer det dårlegare, ser det ut til at ho vil bli sittande som kanslar i 16 år totalt.

Merkel overtok regjeringsmakta i eit Tyskland som var prega av stagnasjon og arbeidsløyse i 2005. Regjeringsperioden hennar har vore ein suksess på mange måtar. Tyskland har hatt jamn, høg økonomisk vekst under Merkel. Landet har knapt på noko tidspunkt hatt så låg arbeidsløyse. Under Merkel har Tyskland gjort seg gjeldande som ei internasjonal stormakt. Under EU sine forhandlingar om det kriseramma Hellas har Merkel gjerne latt andre statsleiarar kome til orde først, men alle har visst at det uansett til slutt blir slik Merkel vil ha det.

Merkels Tyskland er hard mot Vladimir Putin og Donald Trump.

For samarbeidspartnarane har Merkels regjeringstid vore knallhard. Partia som har samarbeidd med Merkels CDU har tapt på det. Fridemokratane FDP landa under sperregrensa etter regjeringssamarbeid med Merkel. Sosialdemokratane, som har regjert med Merkel i to periodar, har no gjort sitt dårlegaste val sidan 1945. Dei fekk 20,5 prosent av stemmene. På valnatta trekte partileiar Martin Schulz konklusjonen: partiet må ut av regjeringskontora og inn i opposisjon.

I sin neste kanslarperiode kan Merkel kome til å støtte seg på to parti; fridemokratane og dei grøne. Ein tysk kommentator har merka seg at det kan kome mykje god, grøn næringspolitikk ut av ein slik konstellasjon. Men det er ikkje det folk snakkar om i dag.

Å stemme på AfD er ein stemme for protest. Mot Merkel, mot det etablerte Tyskland.

Oppsummert

Astrid Sverresdotter Dypvik er journalist i Nationen.

Ho har spesialisert seg på Tyskland, og har skrive bøkene «Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land» og «Berlin­historier: Kald krig i den delte byen».

Annonse

Dei snakkar om AfD. Og dei snakkar om slutten for folkepartia. Begge dei to statsberande partia – det kristendemokratiske CDU og sosialdemokratiske SPD – gjekk på ein kraftig smell ved valet. No har Tyskland fire småparti i Forbundsdagen. To av dei er protestparti. AfD vart stifta i 2013 som eit protestparti mot EU og euroen.

Når historia om AfDs gjennombrot i tysk politikk skal skrivast, er året 2015 eit vendepunkt. Det var det året då Merkel viste si mjuke side og ønskte flyktningar frå Syria velkommen til Tyskland. I løpet av nokre korte månader tok Tyskland imot nesten ein million menneske. I Berlin og i store byar i vest vart dei helsa velkomen. I det tidlegare DDR brann asylmottaka. Tysklands dåverande president, Joachim Gauck, døypte dei som protesterte som representantar for Dunkel-Deutschland – det mørke Tyskland.

No slår dette Tyskland tilbake. Veljarane AfD har vunne, kjem særleg frå to plassar. Dei aller fleste – 1,4 millionar faktisk – kjem frå sofaen. Dette er veljarar som ikkje stemte ved sist val. Valet viser at Tysland framleis er delt i aust og vest i politisk forstand. I aust der lønene er lågare og arbeidsløysa høgare, stemte 26 prosent av mennene på AfD. I delstaten Sachsen, der den islamkritiske rørsla Pegida har si høgborg, vart AfD største parti. Å stemme på AfD er ein stemme for protest. Mot Merkel, mot det etablerte Tyskland.

No har partiet 94 representantar i Forbundsdagen. Dei får partistøtte og ein langt større plass i den tyske offentlege debatt enn før. Merkel snakkar ikkje lenger om ein velkommen-kultur. Ho har gjentatte gongar forsikra om at det som skjedde i 2015 ikkje skal skje igjen. Flyktningavtalen med Erdogan og Tyrkia er ein av forsikringane mot at det vil skje.

No er alle spente på fortsetjinga. AfD har gjennom heile si korte historie vore kjent for intern strid og skarpe personkonfliktar. Partiavdelinga i delstaten Baden Württemberg heldt på å gå i oppløysing på grunn av strid om den antisemittiske propagandaskriftet Sions vises protokollar. I går varsla ein av partiets to leiarar, Frauke Petry, at ho sjølv om ho fekk plass i Forbundsdagen som representant for DFD, kjem ho ikkje til å vere del av partifraksjonen.

Å velje AfD betyr bråk. Både i partiet, rundt det og i Tyskland.

Neste artikkel

Landets første kvinnelige utenriksminister