Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Brør har brukt over 20 millionar på slektsgard

Millionærbrørne Michel og Richard Andvord har fått Olavsrosa for å ha ?restaurert slektsgarden frå 1700-talet. Samla har over 20 millionar gått med.

- Vi ser på det som ei kulturhandling, men det har òg med lange slektslinjer å gjere. Vi vil ta vare på og føre vidare arven for komande generasjonar, seier Michel Andvord (60).

Han viser Nationen rundt i hovudhuset på Andvord Gard i Lom i Gudbrandsdalen. Delar er frå 1700-talet. Garden var i fleire hundre år tingstad og lenge eit av dei største bruka i distriktet med 17-18 husmannsplassar. I dag er garden totalrestaurert og open for overnatting, kurs og selskap.

- Det såg heilt frykteleg ut her då vi overtok. Den eine veggen hadde sokke nær ein halvmeter, seier Richard Andvord (61).

Kjøpte tilbake slektsgarden Etter hundrevis av år i slekta hamna garden på kommunale hender på 70-talet. Det sidan dåverande eigar, tremenningen til deira bestefar, var barnlaus. Etter kvart starta forfallet og ut på 90-talet blei hovudbygningen også ståande tom. Tidlegare forsøk på å kjøpe tilbake slektsgarden stranda på konsesjon og buplikt. I 2002 losna det endeleg for Oslo-brørne, som fekk kjøpe slektsgarden av kommunen.

Les også: Sveinhaug gård nominert til europeisk kulturminnepris

Fortviler over forfall på fredet gård

- Vi har alltid fått høyre at det er her på denne garden at slekta vår har budd i 1.000 år. Vi ville derfor gjerne kjøpe tilbake garden, og vi var svært glade då det gjekk i orden, seier Michel Andvord.

Slo seg opp på papirhandelOldefaren til Oslo-brørne, Richard Andvord, utvandra frå Lom på 1850-talet og slo seg opp som papirhandlar i Christiania. Føretaket Rich. Andvord var i familiens eige i over 140 år og brørne sat lenge i leiinga.

I 2005 blei det fusjon med Tybring-Gjedde og året etter hamna selskapet på nederlandske hender. Ifølgje finanspressa var kjøpssummen på vel to milliardar kroner. Brørne sat med rundt 40 prosent av aksjane. Formuen er i dag plassert i eigedom. Litt er ført tilbake til slektsgarden.

- Sjølve restaureringa av gardsbygningane har kome på i overkant av 10 millionar kroner. Vi har også ført opp eit moderne bygg med fleire sengeplassar, men samla investering er nok nærare 15 enn 20 millionar kroner, seier Andvord.Årleg underskot på drifta sidan opninga i 2005 kjem utanom.

Annonse

- Bruk er det beste vernRestaureringsarbeidet tok i underkant av tre år. Brørne hadde tett samarbeid med fylkeskonservator og vernestyresmakter, og var i Lom kvar tredje veke i byggjeperioden. Ønsket om moderne fasilitetar måtte vegast mot å ta vare på den opphavlege konstruksjonen. Alt gjekk derimot ikkje like knirkefritt for seg.

- Vi ønskte spottar i taket og ingen sa imot oss, men det skjedde aldri noko. Til slutt fann vi ut at vi måtte endre meining, seier Richard Andvord og fortel at det ikkje var alle ønska som fall i like god jord blant fagfolka.

Les også: - Regjeringen hindrer kulturvernarbeidet

Norsk Kulturarv vil redde gamle fjøs og låver

Brørne meiner derimot at moderne fasilitetar er nødvendig.

- Vi trur bruk er den beste forma for vern, og vi er sjeleglade for at bygningane ikkje er freda. Det ville truleg set ein stoppar for heile prosjektet, seier Andvord-brørne, som ikkje har fått ei krone i offentleg støtte til restaureringa.

Tildelt Olavsrosa i juniKulturarvprisen Olavsrosa fekk dei derimot sist månad. Direktør Simen Bjørgen i Norsk Kulturarv seier restaureringsarbeidet bør vere eit føredøme.

- Brørne har restaurert og synleggjort kulturarven på ein framifrå måte. Bygningane er opne og tilgjengelege for publikum og vertskapet er flinke til å formidle historia, seier Bjørgen, som også var ordførar i Lom då Andvord Gard opna dørene.

I dag har Andvord Gard 26 senger på 12 rom. Ann Kristin Bøhle (38) er vertinne og til saman sysselset drifta 2,5 årsverk.

- Vi satsar på kvalitet og eksklusive opplevingar. Det blir ein balansegang mellom bruk og vern. Vi tykkjer det er viktig at staden blir brukt skånsamt, og vi er villige til å betale for at det skal skje, seier Andvord, som også nyttar slektsgarden til familiesamkomer.

Neste artikkel

Kirkene må reddes