Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bortebuarane og regjeringa

Vinden ular i tretoppane, og den kalde snøen piskar mot kinn, nase og augo. Klokka er 06.45, kroppen er framleis trøytt og hjernen har ikkje vakna fordi ein har karra seg ut av senga klokka 06.00. Bussen er enno ikkje komen. I går var bussen heime klokka 17.00. Etter middag og lekser måtte fotballtreninga droppast. Det var ikkje tid.

Trøytt kvardag: Regjeringa vil endre reglane for bortebuarstipend til elevar i den vidaregåande skulen. Det vil gi mykje lengre dagar for elevar som bur lengst frå skulane. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Slik kan kvardagen bli for fleire av dei tusen elevane som regjeringa meiner heller bør bu heime enn å flytte på hybel, eller eventuelt velje å gå på ein annan skule om dei kan. Regjeringa har nemleg kutta 21,2 millionar kroner i bortebuarstipendet – som altså er eit særskilt stipend som går til elevar som bur langt frå skulen, og som difor må flytte på hybel.

Det har regjeringa gjort ved å endre regelen om avstand frå heimstaden til skulen, som per i dag er fire mil. Bur du meir enn fire mil frå skulen, kan du i dag søkje om og få stipend for å flytte inn på ein liten hybel på eller i nærleiken av skulestaden. For inneverande skuleår er stipendet på 4359 kroner per måndag. No vil regjeringa vil auke avstanden til seks mil.

Men er det så ille då? Er det nokon skilnad på å sitje på ein buss fire eller seks mil? Jau, det er det, på smale, svingete og humpete vegar i distrikta. For skuleelevane kan måtte risikere å reise kl. 06.30 på morgonen, og vera heime 16.30-17.00 på ettermiddagen. Fem dagar i veka! Ikkje berre måndag morgon, og så heim fredag ettermiddag.

Så kjem lekser, fritidsaktivitetar og fritid. Det seier seg sjølv at det ikkje blir tid til alt, når skuledagen blir så lang. Regjeringa meiner at det ikkje er så ille, likevel, fordi dei vil halde på kravet om at reisetid tur-retur heim-skule ikkje skal overstige tre timar per dag.

Om du brukar rett i underkant av tre timar, og bur 58 kilometer frå skulen, som ikkje på nokon som helst måte er urealistisk, så bruker du altså opp mot to arbeidsdagar kvar veke berre på å sitje på ein buss. For å gjenta; det er altså heilt greitt for regjeringa at skuleelevar i distrikta frå 15-16 års alderen brukar nesten to arbeidsdagar kvar veke på å sitje på ein buss.

Ein stad må sjølvsagt grensa for stipendet gå. Men det er ingen ting som tilseier at det er ein god ide at grensa går på seks mil. Og det er heller ikkje til å stikke under stol at det er distriktselevar som blir hardast råka. Til dømes bur 30 prosent av alle elevar på vidaregåande skule i Sogn og Fjordane på hybel. Det er, ifylgje Sogn Avis, 800 elevar, spreidd ute i ulike grender og tettstader i fylket. Per i dag er talet på elevar som ville bli råka av endringa 229 elevar i fylket.

Er det nokon skilnad på å sitje på ein buss fire eller seks mil?

Oppsummert

Stipend

1 Elevar som bur meir enn fire mil frå skulen, eller som brukar meir enn 3 timar på reising til og frå skulen, får bortebuarstipend frå Lånekassen. I fjor fekk 28.000 elevar bortebuarstipend.

Høgare utgifter

2 For skuleåret 2017/12018 er månadleg stipend på 4359 kroner i månaden. Pengane skal gå til å dekkje hybel og andre utgifter.

1000 elevar råka

3 Regjeringa vil auke avstanden opp til seks mil, noko som vil føre til at tusen elevar mistar bortebuarstipendet.

Annonse

Ein av dei som kan miste stipendet er Evy Birkeland Søreide, som kjem frå Søreide i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane. Til avisa Firda seier Søreide:

«Om eg skal pendle, må eg først ha skyss kvar morgon frå Søreide til båten i Ortnevik. Bilturen dit tek om lag 25 minutt. Så må eg ta båten til Nordeide, som tek opp mot 30 minutt, avhengig av om den skal innom Måren. Når eg kjem til Nordeide med båten, må eg i bil i om lag ti minutt før eg er framme i Høyanger.» Ikkje går det båt heile tida heller, kan ho fortelje.

Peter Skaar frå Stongfjorden, som går på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde og bur på hybel i byen, seier han budde heime fyrste året på skulen. «Det var ganske tungt. Eg stod opp klokka seks og kom heim klokka fem og hadde ikkje moglegheit til å vere med venner i Førde. No får eg veldig mykje meir ut av dagen.» Stortingsrepresentant Frida Melvær frå Sogn og Fjordane og Høgre meiner derimot alt er i si skjønaste orden, så lenge tretimarskravet ligg der. «Om ein kan komme seg til og frå skulen på den tida, så er det ei grei ordning», seier ho som ikkje skal pendle strekninga sjølv, til Firda.

Eller Magnus Kessel frå Fåvang i Lillehammer, som bur på hybel på Gjøvik, fordi skulen der er den nærmaste med musikklinje. I eit innlegg i Aftenposten skriv han at reisevegen éin veg er 1 time og 15 minutt. Alternativet hans er å byte til ein skule som ligg nærmare og dermed slutte på musikklinja, eller at foreldra går inn og betalar. Slik kan det då bli opp til foreldra sin økonomi, om ungdomen kan flytte på hybel eller ikkje, om dei kan ta den utdanninga dei vil, eller ikkje.

Kjære regjering, og kjære Høgre. Eg har så lyst til å tru på dykk når de seier at de fører ein politikk som er bra for distrikta. Men å gjera kvardagen så mykje vanskelgare for ungdom som bur grisgrendt til og langt frå skulen, er ikkje god distriktspolitikk.

Neste artikkel

Budsjettlekkasje: Sp gir 1 milliard mer til post, nett og vei