Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bønder ferierer lite

Norske bønder har liten tid til ferie, går det fram av gransking. Over halvparten nøyer seg med to veker eller mindre.

Foto: Colourbox

21 prosent av bøndene seier dei har hatt to veker ferie det siste året, medan snautt 14 prosent berre har hatt éi veke, ifølgje ei gransking som Agri Analyse har gjort for Landbruksforsikring.

Nær 18 prosent oppgir å ha tatt ut endå mindre enn dette.

Samla sett svarte drygt 52 prosent at ferielengda siste 12 månader har vore to veker eller mindre.

Annonse

Om lag 45 prosent av bøndene svarte at dei tar tre eller fleire ferieveker, men berre snautt tre av ti har unna seg fire veker eller meir. Drygt 2 prosent var usikre på kor mykje ferie dei hadde hatt det siste året.

• Norske familiar planlegg å bruke over 21.000 kroner kvar på sommarferie i år, litt meir enn dei gjorde i fjor, viser ei undersøking Nordea har fått utført - les mer her

Neste artikkel

Tilbyr safari for salatinteresserte