Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bloggar banar veg for nynorsken

I vår blei bloggaren Linda Sæbø kåra til Årets nynorskbrukar. No brukar både lærarar og mødrer bloggen hennar til å inspirera ungdom til å skriva nynorsk.

- Etter at eg vann prisen har eg fått mange tilbakemeldingar på språk. Eg har fått vita at lærarar brukar bloggen min i undervisninga, og at mødrer tvingar ungane sine til å lesa bloggen min for å læra nynorsk. Andre har blitt inspirerte til å blogga på nynorsk sjølve, fortalde prisvinnaren då ho torsdag kveld blei tildelt synlege bevis på at ho er Årets nynorskbrukar 2011.

Under opninga av Dei nynorske festspela fekk ho då overrekt eit trykk av Arne Nøst og ein diplom. Med prisen følgjer det òg ei pengegåve på 50.000 kroner.

Den 38 år gamle trebarnsmora kjem opphavleg frå Halsnøy i Hordaland, men bur no i Stavanger der ho arbeider som geolog i oljebransjen.

Annonse

Då ho på hobbybasis starta interiørbloggen Den gode feen i 2003, hadde ho 100 til 200 treff kvar veke.

- No har eg over 20.000, sa Linda Sæbø, som kvar dag har mellom 3.000 og 5.000 lesarar.

(©NPK)

Neste artikkel

Svinenæringen lover å skjerpe seg