Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Austigard ny forlagsdirektør i Samlaget

Edmund Austigard blir ny forlagsdirektør i Samlaget.

Austigard overtek etter Tom Skovdahl, som har vore konstitert direktør sidan januar 2011, etter at Tove Lie trekte seg frå stillinga.

Forfattar og økonom

Austigard er frå Hjelmeland i Ryfylke, og er økonomutdanna frå USA (MBA grad frå Thunderbird). Han har bakgrunn frå mellom anna Telenor, Forlagssentralen og Den Norske Bokdatabasen as. Austigard kjem frå stillinga som administrerande direktør i Bokbasen der han starta i januar 2007. Han har jobba lenge med digitalt innhald og digitale tenester.

Samlagets nye direktør er også forfattar, og har gitt ut to romanar på Samlaget og ei barnebok på Wigestrand forlag.

Spennande framtid

Austigard gler seg til å starte som direktør i nynorskforlaget.

-Eg er stolt og glad, og ser fram til å leie eitt av Noregs viktigaste forlag i ei spennande tid for bokbransjen, seier Austigard i ei pressemelding.

Annonse

Nøgd styreleiar

Styreleiar i Det Norske Samlaget, Kristin Bjella, er nøgd med valet.

-Styret har hatt ein god prosess med fleire kandidatar å velje mellom. Edmund Austigard utmerka seg etter kvart som det opplagt beste valet. Han har slik styret ser det dei beste kvalifikasjonane, og inngåande kjennskap til bokbransjen. I tillegg utmerkar Austigard seg ved å vere skjønnlitterær forfattar, økonom og aktiv nynorskbrukar, seier Bjella.

Det er ikkje klart når Austigard byrjar i stillinga, men det blir seinast 1. januar 2012.

Neste artikkel

Kulturarv gir nye oppturer for gamle ferdselsårer