Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Amperhaugen heidra med Olavsrosa

Fjellgarden Amperhaugen i Østerdalen er heidra med kvalitetsmerket Olavsrosa.

Amperhaugen får kvalitetsmerket fordi garden er ein viktig arena for å formidla bygningstradisjonar og bygdekultur i Østerdalen, meiner Norsk kulturarv som deler ut heidersmerket.

I grunngjevinga heiter det at garden med nybygga sine både viser kontinuitet og utvikling i handverkstradisjonar og bygdekultur, og at besøkjande får oppleva eit heilskapleg gardsmiljø. Det blir vist til at garden ved fleire høve har blitt trekt fram som eit godt døme på moderne byggjeskikk tilpassa eksisterande bygningsmiljø.

Annonse

Statsråd Bård Vegar Solhjell står for den høgtidlege overrekkinga 1. september. (©NPK)

Neste artikkel

Svinenæringen lover å skjerpe seg