Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

48 skattekontor blir lagt ned i mai

Kvart femte skattekontor stenger dørene 1. juni. Kontorene er spredd over heile landet, og har hatt begrensa tilbod og opningstid.

Ytterlegare 73 mindre kontor kan bli lagt ned til hausten. Det vil halvere antall skattekontor.

- Avgjersla blir teken i løpet av mai, og kontora vil bli stengt for publikum frå 1. juni, seier Bente Tverli, prosjektleder for endring av kontorstruktur i Skattedirektoratet.

Les også: 130 små skattekontorer kan bli nedlagt

Dette er kontor som har hatt avgrensa opningstid, og dei som arbeider der reiser inn frå større kontor dei dagane kontoret er ope.

Dei 48 kontora det gjeld er fordelte over alle dei fem regionane i Skatteetaten. I Skatt øst er det 6 kontor som kan bli borte, i Skatt Midt-Norge 10 kontor, i Skatt vest 13, i Skatt sør 10 og i Skatt nord 9 kontor.

- Desse kontora har i utgangspunktet eit avgrensa tenestetilbod. Veldig mykje av det som blir levert på dei kontora kan vi tilby på andre måtar. Regionane vurderer no dei kontora det er snakk om. Det blir mellom anna vurdert om det er særskilde vilkår ved oppgåvene kontoret har som kan påverke framdrifta i nedlegginga, Regionane er også i dialog med kommunane når det gjeld situasjonen for enkeltkontora og for å vurdere tenestetilbodet til skattytarane, seier Tverli.

Fekk fullmakt

Det var i Finansdepartementet sin proposisjon til statsbudsjettet for 2011 at regjeringa presenterte at dei hadde gitt Skattedirektoratet fullmakt til å leggje ned opp til 121 mindre skattekontor.

Med mindre skattekontor blir i dette tilfellet meint skattekontor med færre enn fem tilsette.

Dersom fullmakta blir teken til yttarste konsekvens og alle dei 121 kontora blir borte, vil det vere att mellom 130 og 140 skattekontor her i landet.

Les også: Mener færre skattekontorer fører til bedre tilbud

- Det er regionane som gjer vurderingane om dei enkelte skattekontora, men det er skattedirektøren som til slutt tek avgjersla om dei skal leggjast ned eller ikkje, seier Tverli.

I oktober vil lagnaden til dei resterande av dei 121 kontora vere klar.

- For skatteetaten er det viktig å få til ein god dialog med kommunane, seier Tverli.

Annonse

Eit av punkta som skal diskuterast er kva informasjonstenester skatteetaten kan etablere i samarbeid med kommunen.

Ingen tilsette skal seiast opp som følgje av nedlegginga av skattekontora, opplyser Skattedirektoratet.

Dei tilsette sine organisasjonar seier seg likevel ikkje nøgde med det som skjer.

- Vi meiner det har vore ein uryddig og udemokratisk prosess, seier Stein Thorvaldsen, leier for Norsk tenestemannslag (NTL) Skatt, som organiserer om lag halvparten av dei som arbeider ved skattekontora.

Tverli avstår frå å kommentere påstanden.

Ulik tolking

- Det skattedirektøren har fått fullmakt til, kan vi ikkje gjere noko med. Men vi meiner at leiinga i skatteetaten tolkar fullmakta slik at alle kontor med under fem tilsette skal leggjast ned. Den tolkinga er vi sterkt ueinige i, og har ikkje lagt saka død, seier Thorvaldsen.

Tenestemannslaget er ikkje ueinig i at nedlegginga startar med kontor der det ikkje er eigne tilsette, men meiner biletet ikkje er så enkelt.

- Det er tilsette som jobbar der ein eller fleire dagar i veka, vi meiner dei små kontora burde bli rekna med i det store biletet, og ikkje langt ned i forkant.

Tenestemannslaget har sjølv kontakta kommunane det gjeld for å skaffe informasjon om situasjonen. Mellom dei tinga NTL har spurt om er talet på innbyggjarar i kommunen, om det er verksemder i kommunen som er avhengig av utanlandsk arbeidskraft, om det er asylmottak i kommunen og om kommunen har inngått ein serviceavtale med skatteetaten.

- Vi fryktar konsekvensane for publikum dersom det no blir slik at alle skattekontor med under fem tilsette bli borte. Også vi ser at Skatteetaten tilbyr fleire og fleire nettenester, men med færre kontor kan det bli enormt lang reise for den som må på eit kontor, seier Thorvaldsen.

Dei stiller også spørsmål med kva som ligg i ein serviceavtale.

- Betyr det ein tom pult med brosjyrar på, eller betyr det ein pc nokon kan hjelpe deg med å logge deg inn på. Mange politikarar trur at skatteetaten har kontor i alle kommunar. Slik er det ikkje lenger, seier Thorvaldsen.

Neste artikkel

Svinenæringen lover å skjerpe seg