Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lusegift er farlegare enn forskarane trudde

Over 120.000 tonn lusegift er dumpa i havet dei siste åra. Ny forsking viser at det mest brukte middelet i oppdrettsnæringa er mykje farlegare for reker og miljøet enn forskarane trudde.

Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK

– Halvparten av rekene døydde då dei fekk to timar eksponering av 100 gonger uttynna oppløysing i forhold til det som blir brukt i oppdrett, altså 15 milligram per liter, seier seniorforskar Renée Bechmann ved forskingsinstituttet IRIS til NRK.

Annonse

At rekene forsvinn frå kysten, har fiskarar fortalt i fleire år. Lusemiddelet hydrogenperoksid har likevel blitt oppfatta av forskarar, styresmakter og oppdrettsnæringa som det mest miljøvenlege stoffet som næringa brukar i kampen mot lakselusa.

No slår forskarane alarm om bruken. Nye resultat viser at fleire typar lusemiddel gir betydeleg skade sjølv om stoffet er uttynna, slik det blir ved behandling av lakselus i sjøen.

– Det ser me fordi det finst modellar som viser at denne typen konsentrasjonar blir spreidd fleire kilometer unna utsleppet. I tillegg har me jo bekymringsmeldingane frå rekefiskarane, og med alt dette sett i samanheng, så synest eg det er grunn til at styresmaktene no bør setta ein stoppar for bruken av desse kjemikaliane mot lus, seier Bechmann.

Neste artikkel

Dales habilitert vurdert – kan bli inhabil i flere saker