Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kystfiskarlaget krev stopp i kjemikaliebruk

Norges Kystfiskarlag vil ha slutt på bruken og utsleppa av lusegift ved oppdrettsanlegg.

Lakselus. Foto: Marit Hommedal / SCANPIX .

Kystfiskarane fremjar no eit krav for fiskeristyresmaktene og Mattilsynet om at bruken og utsleppet av kjemiske lusemiddel ved oppdrettsanlegg stoppar. Dessutan vil Kystfiskarlaget ha ein full gjennomgang av eksisterande utsleppsreglar knytt til lakselus, skriv dagleg leiar Annsofie Kristiansen i eit debattinnlegg på fiskeribladet.no.

Bakgrunnen for forslaget er at lusegifta som blir brukt i oppdrettsnæringa er mykje farlegare for reker og miljøet enn forskarane trudde. Over 120.000 tonn lusegift er dumpa i havet dei siste åra, fortalde NRK måndag.

Annonse

Fiskarar har fortalt om at rekene forsvinn frå kysten. Norges Kystfiskarlag meiner at også mindre skaldyr enn reker døyr som følgje av utslepp av lusemiddel.

Forskarar ved forskingsinstituttet IRIS meiner styresmaktene bør setta ein stoppar for bruken av desse kjemikaliane mot lus. Kystfiskarlaget støttar opp om det forslaget og krev vidare at det blir lagt ein plan for gjenoppbygging av rekebestandane langs kysten.

Kristiansen skriv også at det må gjerast undersøkingar for å finne ut om mindre dyreplankton langs kysten kan vere årsaka til at vandrande fisk som sei, hyse og torsk held seg vekke frå fjordane.

Neste artikkel

Dales habilitert vurdert – kan bli inhabil i flere saker