Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Islandske kokkar trekte seg i protest mot oppdrettsselskap

14 av 17 kokkar på det islandske kokkelandslaget trekte seg i protest mot ein sponsoravtale med eit oppdrettsselskap.

Norsk oppdrettslaks. Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

Dei fjorten kokkane likte dårleg at landslaget hadde ein sponsoravtale med Arnalax. Kokkane meinte avtalen var i strid med mot landslagets oppdrag om berre å promotera produkt som blir produsert berekraftig og i full harmoni med naturen, skriv Dagens Næringsliv.

Annonse

Striden enda med at avtalen blei kansellert. Oppdrettsselskapet seier seg overraska over reaksjonen frå kokkane og viser til at sponsorprosessen starta for to månadar sidan, og at dei ikkje har fått innvendingar på måten selskapet produserer laks på, før no.

Det norske børsnoterte oppdrettskonsernet Salmar er største aksjonær i Arnalax med om lag 42 prosent av aksjane.

Neste artikkel

Dales habilitert vurdert – kan bli inhabil i flere saker