Bystyret i Førde vedtok torsdag å kvitte seg med det omdiskuterte ølmonopolet.
- Ølpol god løysing
Ordinga fekk minst mogleg fleirtal, då motstandarane av det kommunale ølutsalet vann fram med ein overvekt på éin stemme. 14 av dei 27 kommunestyrerepresentantane stemte for å halde på ordninga.
Ove Henning Håkonsen, bystyrerepresentant for Framstegspartiet, sa ølmonopolet er ei skam for byen.
- Ordninga med ølmonopol er ikkje verdig, sa han under debatten, som blei kringkasta på nrk.no.
Motstandarane peikte på at at ein restriktiv alkoholpolitikk gir mindre alkoholrelatert skadar.
- Viss ein vil ha mindre ølkonsum, er ølpol ei god løysing, sa Einar Solheim frå Arbeidarpartiet.
Bård Eikeset (Høgre) sa ordninga med ølmonopol er i strid med folkemeininga i kommunen.
- 85 prosent av innbyggjarane er motstandar av ølpolet. Det er eit klart signal om at det ikkje er ei ønska ordning.
Les også: Enestående ølpol i Førde
Iris Loftheim (Sp) sa det store engasjementet kring saka var patetisk.
- Saka om ølpolet er ein bagatell jamfør andre saker som har vore oppe i dag, som til dømes kutt i omsorgsektoren. Difor tykkjer eg det er trist og patetisk at denne saka får så stor merksemd, sa ho.
Forsking
Helge Schei frå SV sa at ein må ha betre dokumentasjon om at alkoholpolitikken i Førde er betre jamfør resten av landet, viss ein skal halde fram med ølmonopolet.
- Det finst ikkje forsking som syner at ølmonopol vil avgrense alkoholskadar. Ein av dei mest kjende alkoholforskarane i landet stadfestar det, sa han.
Les også: Alkohol blir dyrare
- Auka tilgang vil føre til auka forbruk, sa Loftheim (Sp).
Sel dobbelt så mykje i nabokommunen
Ifølgje avisa Firda syner ølsalet i 2010 at butikkane i nabokommunane Flora og Naustdal sel dobbelt så mykje alkohol som øl samanlikna med ølpolet i Førde.
I Førde blei det selt 33,9 liter per innbyggjar mellom 18 og 67 år, medan det blei selt 67,8 liter per innbyggjar i Flora.
- Eg er overraska over desse tala. Skilnaden mellom kommunane kan tyde på at ølpolet har ein effekt i år redusere ølforbruket blant førdianarar, men det er også mogleg at fleire av dei kjøper ølet sitt i nabokommunane, seier forskar John Roger Andersen frå Høgskulen i Sogn og Fjordane til Firda.
No blir kommunane Fauske og Vefsn i Nordland dei to einaste i landet der det er ølmonopol.
Avgjerda om å gje løyve til sal av øl i butikk blei gjort med minst mogleg margin.
Publisert: 26.04.2012 10:07
