Sogn og Fjordane hadde i fjor ein auke i arealet for økologisk dyrka eple, pære og bringebær. Foto: Kari Hamre/ NPK

Sogn og Fjordane hadde i fjor ein auke i arealet for økologisk dyrka eple, pære og bringebær. Foto: Kari Hamre/ NPK

Debio melder om meir økologisk frukt frå Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane hadde i fjor ein auke i arealet for økologisk dyrka eple, pære og bringebær, men ein nedgang i økologisk grasareal.

Publisert: 10.04.2012 21:48


Tal frå Debio viser at Sogn og Fjordane no har 177 gardsbruk med økologisk produksjon og eit areal på knapt 20.000 dekar, fortel Fylkesmannen i fylket.

Det utgjer 4 prosent av jordbruksarealet i Sogn og Fjordane.

Fylket hevdar seg også godt på landsbasis med 27 prosent av det økologiske eplearealet og 12 prosent av sauene som er godkjende som økologiske. (©NPK)

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module

Nationen FLERE NYHETER