I Nationen førre veke åtvara konsernsjef i Norgesgruppen, Tommy Korneliussen, mot innføring av ein lov om god handelsskikk i daglegvaresektoren.
Korneliussen fryktar at ein slik lov kan føre til dårlegare innkjøpsvilkår som særleg vil råke distriktsbutikkar med dårleg kundegrunnlag og låg omsetning. No får det største handelshuset i Noreg motbør.
— Dette er rein skremselspropaganda frå Norgesgruppen. Dei skyv lokalbutikkane framføre seg i kampen mot lov om god handelsskikk, seier direktør i Forbrukarrådet, Randi Flesland.Ho får støtte frå Eli Reistad, som var medlem av Matkjedeutvalet og med på å utforme rapporten frå utvalet.
— Norgesgruppen framstiller det som at loven skal setje avgrensingar på rabattar og marknadsføring. Det har ikkje Matkjedeutvalet føreslått, seier Reistad.
Dårleg handelsskikkI rapporten som vart lagt fram i fjor, blir det føreslått fleire tiltak. Mellom anna lov om forhandlingar og god forretningsskikk, og eit ombod som skal overvake loven.
I undersøkingar gjort for utvalet blir eit miljø prega av frykt, tøff ordbruk og tiltak «på grensen av det etiske» framstilt.
— Bakgrunnen for lovframlegget er at det er avdekt misbruk av makt og dårleg handelsskikk i bransjen, seier Flesland.
Ho seier føremålet med loven er å sikre at ytingar i verdikjeda for mat også kjem forbrukarane til gode, gjennom pris, vareutval, kvalitet og tilgjengelegheit.
— Dersom Norgesgruppen ynskjer fleksibilitet i forhandlingane, for å sikre at dei kan tilføre lokalbutikkane rabattar og bonusar, vil det vera eit nyttig innspel i utforminga av lovframlegget, seier Flesland.
Les også: Norgesgruppens eiere gjør mat til gull
Reistad seier at om Norgesgruppen ikkje har noko å skjule, har dei heller ikkje noko å frykte ved å innføre ordninga.
— Loven og handhevinga av han skal bidra til å rydde opp i bransjen, seier Reistad.
Manglar innsynReistad seier utfordringane frå nærbutikkane er heilt andre enn dei som fylgjer av Matkjedeutvalet sine tilrådingar.
— Våre undersøkingar synte at kjøpmenn har manglande innsyn i rabattstruktur og utrekningsgrunnlag for transaksjonar mellom butikken og kjeda. Det er uvisst om framforhandla rabattar kjem kjøpmann og forbrukar til gode. Tiltaka frå utvalet vil kunne vera ein fordel for kjøpmannen, seier Reistad.
Ho seier årsaka til at nærbutikkar blir lagde ned, er fordi folk ikkje handlar i butikkane.
— Norgesgruppen har dei beste innkjøpsvilkåra av alle kjedene. Det er andre kjeder sine nærbutikkar som eventuelt står meir utsett til, seier Reistad.
- Små butikkar kan forsvinne
Norgesgruppen står på sitt om butikknedleggingane.
— Me har grunnlag for å seia at små ?butikkar kan forsvinne, seier Per Roskifte i Norgesgruppen.
Les også: Bygdebutikk i Rogaland vant lokalmiljøpris
Kommunikasjonsdirektøren attendevisar at handelshuset driv med skremselspropaganda når dei åtvarar mot innføring av loven.
— Me har vore gjennom ein analyse kring kva innføring av lov om god handelsskikk kan medføre. Summen av tiltaka Matkjedeutvalet føreslår vil, etter det me kan sjå, kunne medføre at innkjøpsvilkåra for butikkar og daglegvarekjeder blir svekka, seier Roskifte.
Hypotetisk grunnlag
Han understrekar at Norgesgruppen uttalar seg på eit hypotetisk grunnlag. Regjeringa har førebels ikkje gitt andre signal enn at det blir arbeidd med tiltaka frå Matkjedeutvalet, og ingen har førebels sett utkast til ein mogleg lov.
— Norgesgruppen har arbeidd seriøst og skikkeleg med dette, og opplever å bli trudd på den dokumentasjonen me legg fram i møte med ulike aktørar og politiske parti, seier Roskifte.
Les også: BI-forskar meiner sams marknadsføring går reint føre seg
Roskifte seier bakgrunnen for uroa frå Norgesgruppen er at distriktsbutikkane i liten grad har vore ein del av analysen til Matkjedeutvalet. Det kan du lese meir om i eavisa til Nationen for tysdag 3. april, som kan kjøpast her.
Les også: Norgesgruppen fryktar ny lov om handelsskikk kan øydelegge for lokalbutikkane