Egil Petter Stræte i Bygdeforskning seier mange av forslaga i Høgre si alternative landbruksmelding, som partiet legg fram i desse dagar, vil få store konsekvensar for distriktsjordbruket.
Les også: Brekk meiner regjeringa burde fått tillit av KrF om landbruksmeldinga
Han seier endringane Høgre legg opp til peikar i retning av auka matkonsentrasjon og svekkja distriktsjordbruk.
Les den alternative landbruksmeldinga til Høgre
— Konsekvensen av Høgre-forslaga er større regional konsentrasjon av matproduksjonen, svekkja distriktsprofil og truleg høgare nedleggingstakt for distriktsjordbruket. Høgre tar farvel med eit landbruk i heile landet, men stimulerer til økt investering i delar av landet, seier Stræte, etter å ha lest hovudpunkta i Høgres landbruksmelding.
— Angrip ikkje distrikta
Høgre sjølv trekkjer fram at hovudforskjellen på deira og regjeringas landbrukspolitikk er at Høgre har færre mål og ingen talfesting av måla.
Les også: Motvillig semje i regjeringa om landbruksmeldinga
Næringspolitisk talsmann Svein Flåtten seier seg ueinig i at Høgre tek farvel med landbruk i heile landet.
— Vår politikk er ikkje eit angrep på distriktsjordbruket. Vi ønskjer eit mest mogleg økonomisk robust og lønsamt jordbruk, men vi tek det i moderate steg. Og forslaga våre treng ikkje gå ut over distriktsjordbruket, seier Flåtten.
Regulering og importvern
Høgre meiner importvernet er viktig, men dei skriv at omstillinga i retning eit meir «robust landbruk» bør skje alt nå.
Les Kato Nykvists kommentar: Spillet om landbruksmeldingen
— Regjeringa snakkar om å styrke tollvernet. Det meiner vi er uheldig. Vi må førsøke å gjere jordbruket meir konkurransedyktig og på sikt tilpasse oss WTO, seier Flåtten.
Les meir om den alternative landbruksmeldinga til Høgre i e-avisa eller i papirutgåva torsdag 29. mars
Direktøren for Bygdeforsking, Egil Petter Stræte, seier den alternative landbruksmeldinga til Høgre vil gå ut over distrikta.
Publisert: 29.03.2012 00:02