Import av sæd og avlsmateriale i strid med næringas såkalla Koorimp-reglar har skapt konfliktar i Tyr det siste året.
Har fått kritikk
Nationen har tidlegare skrive at konflikten toppa seg i fjor då eit dåverande styremedlem også vart utestengd frå styremøta i storfeorganisasjonen.
Les også: Stridssak gjekk for lukka dører på årsmøte i Tyr
Kritikarar har hevda at Tyr ikkje har vore restriktive nok og slått tilstrekkeleg ned på uheldig praksis.
- Skal ha restriktiv linje
Etter å ha blitt attvald som styreleiar i organisasjonen på årsmøte torsdag, gjorde Erlend Røhnebæk det klart overfor Nationen at organisasjonen skal føre ei restriktiv linje i slike saker.
Les også: Tyr-topp vil fjerne støttetaket på 50 ammekyr
- Vi skal ha ei restriktiv linje i slike saker. Import av oksesæd eller embryo som ikkje er førehandsgodkjend av Koorimps tilleggskrav skal ikkje førekome, seier Røhnebæk.
Uttale nedstemd
Styret føreslo at årsmøte skulle vedta ein uttale der det heiter at "Tyr-medlemmer kan ikke importere og/eller benytte sæd/embryo som ikke er forhåndsgodkjent av Koorimps tilleggskrav. Brudd på regelverket fører til eksklusjon som medlem i Tyr".
Forslaget fekk motbør på årsmøte, og det enda med eit vedtak om at styret får i oppgåve å lage forslag til vedtekter om eksklusjon ved ureglementær import til neste årsmøte.
Vil leggje striden bak seg
Røhnebæk håper Tyr kan leggje striden det siste året bak seg.
Les også: Underskot for Tyr i 2011
- Vi vil sjå på vedtektsendringar for eksklusjon, og så håper eg at vi kan seie oss ferdig med saka og sjå framover. Det verkar også som om årsmøte stiller seg bak den jobben som er gjort, seier han.
Vedtok forbod mot sal av oksesæd
Årsmøte vedtok også å ta med i vedtektene at tillitsvalde i Tyr ikkje kan selje storfesæd.
Det for å unngå at tillitsvalde driv med verksemd i konkurranse med Tyr.
Les også: Tyr-topp skuldar Brekk for å oversjå vedtak i Stortinget
Årsmøte kom også fram til at forbodet ikkje gjeld sal av embryo, det sidan Tyr ikkje driv med embryosal.