Styreleiar Erlend Røhnebæk i Tyr tok i årsmøtetalen til orde for at det må bli utbetalt støtte per ku også for bønder med meir enn 50 ammekyr. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Styreleiar Erlend Røhnebæk i Tyr tok i årsmøtetalen til orde for at det må bli utbetalt støtte per ku også for bønder med meir enn 50 ammekyr. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Tyr-topp vil fjerne støttetaket på 50 ammekyr

Vil endre tilskotsreglane for at spesialisert kjøttfeproduksjon skal kunne stå på eigne bein.

Publisert: 21.03.2012 18:45
Kart

I talen til årsmøte i Tyr, som går av stabelen i Hurdal kommune i Akershus onsdag og torsdag, tok styreleiar Erlend Røhnebæk til orde for endringar i tilskotssystemet i ammekuproduksjonen.

Vil fjerne støtteavgrensing

I dag blir det ikkje utbetalt dyretilskot utover dei 50 første ammekyrne på kvart gardsbruk.

- Storfeproduksjonen er den viktigaste verdiskaparen i norsk landbruk, og slik må det vere også framover. For å få til det må produsentane få signal om at det er ein produksjon med utviklingspotensial. Det må også gjelde dei som har 50 ammekyr eller meir, sa Røhnebæk til årsmøteutsendingane.

- Må få stå på eigne bein

Styreleiaren kritiserte dagens avgrensing i husdyrstøtta, og at det blir lagt opp til at bønder skal ha ammekyr som tilleggsnæring.

- Det må opnast for å utvikle større einingar der forholda ligg til rette for det. Produksjonen må få sjanse til å stå på eigne bein, men det må ikkje gå ut over små gardsbruk, sa Røhnebæk.

Manglar 9200 tonn kjøtt

Sist veke la Nortura totalmarked fram prognosar som viser at underskotet på norsk storfekjøtt er på 9200 tonn.

Les også: Stadig større underskot på norsk storfekjøtt

Det sjølv etter at tollfrikvotane for import av storfekjøtt gjennom WTO- og EØS-avtalen er fyllt opp.

Snart er kvar fjerde biff importert

Tidlegare i vinter blei det lagt fram framskrivingar av dagens trendar som peiker mot at kvar fjerde biff må importerast om tre år.

Mest lest

Laster module

Nationen FLERE NYHETER