dager igjen til valget
Partileiar Liv Signe Navarsete seier t Senterpartiet ikkje har nokon kommentar til spørsmålet om dissens så lenge partiet framleis er inne i ein prosess.
Foto:  Scanpix

Partileiar Liv Signe Navarsete seier t Senterpartiet ikkje har nokon kommentar til spørsmålet om dissens så lenge partiet framleis er inne i ein prosess. Foto: Scanpix

Senterpartiet drøftar dissens mot EUs omstridte vikarbyrådirektiv

Senterpartiet sit framleis på gjerdet i spørsmålet om å ta dissens mot EUs omstridde vikarbyrådirektiv.

Publisert: 03.03.2012 00:02
Fakta
Vikarbyrådirektivet

Vart vedteke av EU i november 2008.

Slår fast at arbeidstakarar som blir leigd inn frå vikarbyrå skal ha like gode arbeids- og lønnstilhøve som dei fast tilsette.

Skal også gjere det lettare å bruke vikarbyrå.

Kritikarane hevdar at direktivet vil føre til auka bruk av vikarar og mellombels tilsette og i tillegg svekke tilsettingsvernet og retten til faste stillingar.

Ein av grunnane til mostanden er frykten for at NHO vil reise sak i Efta-domstolen og at domstolen vil falle ned på ei avgjerd som svekkar arbeidsmiljølovens strenge regulering av vikarbruk og bruk av mellombels tisette.

Senterpartiet drøfta fredag på sentralstyremøtet om partiet skal ta dissens mot EUs vikarbyrådirektiv.

Partileiar Liv Signe Navarsete svarer via sin rådgjevar, Erlend Fuglum, at Senterpartiet ikkje har nokon kommentar til spørsmålet om dissens så lenge partiet framleis er inne i ein prosess.

Les også: Sp sier nei  til vikarbyrådirektivet

Nationen er kjent med at det er usemje om direktivet, både i partiets stortingsgruppe og blant Sp sine regjeringsmedlemer.

Lova å lytte til LO

Fredag  vart det klart at SV-leiinga vil ta dissens mot direktivet. Partiet kallar no inn til ekstraordinært landsstyremøte for å ta den endelege avgjerda.

— Eg er ikkje overraska over at Senterpartiet brukar lang tid her. Eg har skjønt heile tida at det var intern usemje om direktivet, seier SVs arbeidspolitiske talskvinne Karin Andersen.

— Mitt håp er likevel at Sp held det dei har lova, seier Andersen.

Ho viser til at Senterpartiets arbeidslivspolitiske talsmann Geir Pollestad i sin appell under fagrørslas store demonstrasjon mot vikarbyrådirektivet 18. januar i år lova at  LOs syn ville bli svært viktig for Senterpartiets avgjerd.

Representerer ein million arbeidstakarar

30. januar kravde eit samrøystes LO-sekretariat at regjeringa legg ned veto mot direktivet. Sidan har også arbeidstakarorganisasjonane Unio og YS gått inn for veto.

— Dei som krev veto er organisasjonar som representerer ein million norske arbeidstakarar, seier Andersen.  

Les meir om kva Nei til EU meiner i Nationens eavis laurdag 3. mars.

Mest lest

Laster module

Nationen FLERE NYHETER