Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
— Bustadbygginga tek seg raskt opp dei fleste stader når folketalet stig og bustadprisane går opp. Det er bra. Men storbyane har ei utfordring, seier kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp). Foto:  Scanpix

— Bustadbygginga tek seg raskt opp dei fleste stader når folketalet stig og bustadprisane går opp. Det er bra. Men storbyane har ei utfordring, seier kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp). Foto: Scanpix

Navarsete fornøgd med bustadbygginga

Bortsett frå i dei fire største byane har bustadbygginga vore i takt med etterspurnaden dei fleste stader den siste tiårsperioden, viser ein ny rapport.

Publisert: 23.02.2012 11:21

— Bustadbygginga tek seg raskt opp dei fleste stader når folketalet stig og bustadprisane går opp. Det er bra. Men storbyane har ei utfordring, seier kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).


Norsk institutt for by- og regionforsking (Nibr) forklarer i rapporten «Boligbyggingens prisrespons» den trege bustadbygginga i storbyane med låg omsetnad og regulering av tomter.

 

Andre hinder er lang saksbehandlingstid i kommunane og statlege kvalitetskrav, går det fram av rapporten. Men utanfor dei største pressområda går marknadsreguleringa meir av seg sjølv. Det kan bli aktuelt å forenkle byggjereglane, seier Navarsete.

 

— Det er nyttig å få kunnskap om kva som bremsar bustadbygginga i pressområda. Eg ventar at kommunane har strategiar for bustadbygginga, og at dei får fram nok regulerte tomter. Eg vil vurdere om vi kan forenkle byggjereglane meir utan at det går ut over kvaliteten på bygga, seier ho. (©NPK)

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT