«Landbruk over heile landet» er eit av hovudmåla i landbrukspolitikken, noko regjeringa også har vidareført som eit av hovudmåla i den nye landbruksmeldinga. Det er ikkje sett eksakte kriterium for kva som skal til for å nå målet.
Nationen har sett på korleis talet på driftseiningar i jordbruket, i form av mottakarar av produksjonstilskot, er fordelt i Kommune-Norge. Vi fann jordbruksføretak i 421 av landets 429 kommunar. Nær 400 kommunar har minst 20 jordbruksføretak, og det er meir enn 50 bønder i nær 300 av landets kommunar.
Les også: Åpenhet om landbruksstøtten er viktig og riktig- Nationens sjefredaktør Mari Velsand kommenterer
- Er i heile landet i dag
Professor Reidar Almås på forskingsstiftinga Bygdeforskning seier talet på bønder i dei enkelte kommunane ikkje åleine er nok til å slå fast om målet er nådd eller ikkje, men han konkluderer likevel med at målet om landbruk i heile landet er nådd i dag.
- Det at næringa har ei så stor utbreiing viser at landbruk er svært viktig for mange bygder og at landbruket er den viktigaste distriktsnæringa her i landet. Overføringane til jordbruket er viktig for både sysselsetjing og skatteinngang i mange kommunar, og fleire stader er det berre det offentlege som kan konkurrere med landbruket på sysselsette og innverknad, seier Almås.
Professoren i bygdesosiologi seier at så lenge ein beheld eit landbruk i dei kommunane ein alltid har hatt eit landbruk, så vil han seie at målet om landbruk i heile landet er oppfylt.
Les også: Nettmøte: Spør direktøren for Statens landbruksforvaltning om tilskuddslistene
Ifølgje Almås har mange landbrukstunge kommunar og distriktskommunar framleis mellom 10 og opp mot 30 prosent av sysselsetjinga knytt til landbruket.
- Det mest sårbare målet
Bygdeprofessoren seier nedlegging av gardsbruk og sentralisert produksjon bidreg til å svekkje ringverknadane som næringa har mange stader. Han er ikkje sikker på at ein kan seie at ein har landbruk i heile landet om 10-15 år.
- Jordbruksmiljøet er sårbart og nedleggingstakten høg mange stader. Fleire som har 70-talsfjøs slit med å klare ta steget opp og fornye driftsapparatet, og drifta går gjerne fram til neste generasjonsskifte. Målet om landbruk i heile landet er det mest sårbare målet i landbrukspolitikken. Eg er slett ikkje sikker på at ein kan seie at vi har eit landbruk i heile landet om 10 til 15 år, seier Almås.
Les også: Disse bøndene får mest i tilskudd - men går i minus
- Korleis kan ein nå målet?
- Det må heile nye tankar og verkemiddel til for å klare nå målet. Eg har føreslått ei grunnløyving til bønder i sårbare område. Dessutan må ein differensiere politikken etter region, seier han.
Produksjonstilskota til jordbruket auka med 277 millionar kroner i fjor. Det er kommunane med flest bønder og størst produksjon som får mest produksjonstilskot, og tilskotsveksten var størst i Vindafjord i Rogaland i fjor. Det kan du lese meir om i eavisa til Nationen for onsdag 22. februar, som kan kjøpast her.












