Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Før har det berre vore druene som har vore økologiske i økologisk vin. No blir det også stilt økologiske krav til resten av innhaldet i vinen. Foto: NPK

Før har det berre vore druene som har vore økologiske i økologisk vin. No blir det også stilt økologiske krav til resten av innhaldet i vinen. Foto: NPK

Økologisk vin blir meir økologisk

EU har endra økologi-regelverket for vin, så i framtida er det høve til å få kjøpt økologisk vin med økologiske råvarer og færre tilsetjingsstoff.

Publisert: 21.02.2012 14:56

Til no har det berre vore druene som vin er laga av som har vore økologisk. Resten av innhaldet i vinen har det ikkje vore økologisk krav til, opplyser Mattilsynet.

Dei nye reglane skjerpar krava til bruk av behandlingsmetodar og tilsetningsstoff i produksjon av vin. Diskusjonane om eit regelverk for økologisk vin byrja i 2009, men stoppa opp fordi ein ikkje blei samde om reglane.

Les også: Anne Viken: Tine bløffar om økologisk landbruk

Etter ein pause, greidde ein til slutt å bli einige om fleire krav til innhaldet for at produkt kan kallast økologisk vin.

Les også: SV-forslag om 50 prosent statlig økomat møter skepsis hos Ap og Sp

Dei nye reglane for økologivin trer i kraft hausten 2012 i EU, og vinprodusentar som vel å produsere vin etter dei nye krava, vil også kunne bruke EUs felles økologimerke på flaskene. (©NPK)

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT