I 2009 gav jakt av småvilt ei inntekt på 44 millionar, storvilt 214 millionar og tilleggstenester 840 millionar, har Noregs Skogeigarforbund rekna ut.
Men i rapporten til Landbruks- og matdepartementet peikar dei altså på at dette kan aukast kraftig med betre tilrettelegging og samarbeid.
— Det største potensialet knyter seg til storviltjakt og betre tilrettelegging, primært hjå private. For å få ei positiv utvikling er det behov for auka samarbeid mellom grunneigarar om arealutnytting og eit meir systematisk arbeid for utvikling av tilrettelagde jaktprodukt der overnatting, guiding og servering inngår, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp).
Les også: Nasjonalt jakt- og fiskesenter opna i Flå
Samanlikna med tal frå 2003 viser sektoren, der også innlandsfiske og laksefiske inngår, ein klar vekst i omsetnad. Frå 3.070 millionar kroner i 2003 til 3.589 i 2009, ein vekst på 17 prosent. (©NPK)
Les også: Til høsten får du forsvare bikkja mot rovdyr i nødverge












