Helmen seier grunneigarar er sikra god posisjon når det skal forhandlast med mineralnæringa om leiting og utvinning.
— Det er viktig at grunneigarane er medvitne og syt for å få sin del av den marknadsmessige verdien av minerala som er deira, og at dei nyttar forhandlingshøve når det gjeld statlege mineralar, seier han.
Han trur det vert spanande tider for grunneigarar framover, når det tek til å syne seg kva som finst av verdiar i berggrunnen.
— Grunneigarane sit på store verdiar, som ingen har full oversikt over enno, seier han.
— God forhandlingsposisjon
Førre veke skreiv Nationen om det kanadiske selskapet Dalradian Resources, som har kjøpt seg mineralrettar på eit areal som tilsvarar heile 5 prosent av landmassane i Noreg.
Helmen synest det er vanskeleg å seie kva konsekvensar oppkjøpet av rettar kan ha for grunneigarane innanfor områda, før selskapet startar arbeidet i Noreg.
Les også: Seier Dalradian er best i verda på leiteverksemd
Han er likevel viss på at den nye minerallova frå 2010 sikrar grunneigarane ein god forhandlingsposisjon.
— Når det gjeld minerala som tilkjem grunneigaren, er det marknaden som avgjer pris. Der har vi fått i stand ein god standardavtale mellom grunneigarar og bergverksindustrien, som kan nyttast i dei konkrete forhandlingane, seier Helmen.
Metall med eigavekt på 5 og over er det staten som er eigar av. Dei som vinn ut førekomstar av minerala til staten, skal ifølgje minerallova betale grunneigar ei årleg avgift på 0,5 prosent av omsetjingsverdien av det som vert utvunne.
— Må forhandlast om pris
Helmen påpeikar at det uavhengig av lovfesta årleg avgift for utvinning av minerala til staten må forhandlast om pris for tilgang til landareala, og seier det gjev høve for grunneigarane.
Les også: Flåthen: - Store Norske kan bli et Statoil på land
— Selskapa må uansett ha avtale med grunneigar for å drive på området. Vi har ikkje erfaringar med korleis utanlandske selskap kjem til å opptre her, men reknar med at dersom dei vil kome i gang og skaffe avtalar utan å gå via ekspropriasjon, så er grunneigarane i ein god forhandlingsposisjon, seier han.
Les meir om denne saka i eavisa til Nationen for tysdag 21. februar. Ho kan kjøpast her.












