Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Inn på tunet tilbyr velferdstenester på gardsbruk. Foto: Mariann Tvete

Inn på tunet tilbyr velferdstenester på gardsbruk. Foto: Mariann Tvete

Regjeringa med ny strategi for Inn på tunet

Måndag presenterer regjeringa ein ny nasjonal strategi for Inn på tunet.

Publisert: 20.02.2012 09:23

Inn på tunet er eit prosjekt der 1100 gardsbruk i over 100 kommunar gir tilbod om velferdstenester.

 

Måndag presenterer regjeringa ved Liv Signe Navarsete og Lars Peder Brekk ein ny nasjonal strategi for arbeidet.

 

Under seansen, som går føre seg på Kirkerud gard i Nittedal i Akershus, vil dei også presentere forskingsresultat om tenestene.

Nationen vil vere på plass under presentasjonen, og me kjem attende med meir stoff seinare.

 

Inn på tunet tilbyr tilrettelagte velferdstenester på gardsbruk, som til dømes arbeidstrening, rehabilitering, terapi og ordinær barnehage og undervising. Brukarane kan vere born, unge og vaksne med spesielle behov, men i prinsippet kan befolkinga generelt nytte seg av tilbodet.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT