I fjor var det 1282 færre driftseiningar som fekk produksjonstilskot i jordbruket, ein nedgang på litt under tre prosent. Kvar driftseining fekk derimot i snitt litt over 10.000 kroner meir enn året før.
Samla sum i produksjonstilskot auka med rundt 280 millionar kroner, eller rundt 3,3 prosent.
Mest tilskot, store tap
Vaaler Samdrift, som har fem eigarar og produserer økologisk mjølk og korn i stor skala, er føretaket som fekk mest produksjonstilskot for drifta i fjor. Første gongen dei låg på tilskuddstoppen var i 2008.
Sjølv om tilskota nærmar seg to millionar kroner samla, går drifta med underskot. I 2010 blei resultatet før skatt 831.000 kroner i minus. 2011-rekneskapen er ikkje klar, men bøndene seier det blir underskot for femte året på rad.
Les også: Åpenhet om landbruksstøtten er viktig - Nationens Mari Velsand kommenterer
— Samfunnet får mykje økologisk mat og kulturlandskap for pengane, men økonomien vår er latterleg dårleg. Noko er fundamentalt galt når ein ikkje kan ta ut ei anstendig løn på å produsere mat, seier Trygve Holdhus (49).
130 kroner timen
Holdhus er ein av tre heiltidsbønder i Eidsvoll-samdrifta, i tillegg til ein på deltid og innleigd hjelp. Til saman er arbeidsforbruket på rundt 10.000 timar i året. Det blir tatt ut rundt 1,5 millionar kroner i løn frå samdrifta, men det skal også dekkje leige av jord og kvote.
— Vi tar ut 130 kroner timen flatt. Vi har ikkje justert timesatsen sidan vi starta opp i 2007, men likevel går rekneskapen med underskot. Resultatet er at vi tærer på eigenkapitalen. Innteninga er liten, seier Holdhus.
— Og det trass i at de får mest tilskot i landet?
— Det bør ringje nokre bjeller for dei som styrer når matproduksjon ikkje gir overskot. Vi skal vere best på dyrevelferd og vi blir pålagt omfattande miljøtiltak. Det kostar pengar og kostnadene aukar kraftig. Dieselprisen er dobla på fem år, seier Holdhus.
Les også: Bare én av tre sender elektronisk søknad
Samdrifta har 115 årskyr og 2800 mål jord. Produksjonen i fjor var på rundt 700.000 liter mjølk, 34 tonn storfekjøtt, 60 oksekalvar og 320 tonn korn.
— Vi driv stort i samdrift, men det er det staten som vinn på. Vi ville hatt 7-800.000 meir i tilskot om vi hadde drive kvar for oss, men pengane går rett i lomma til Jens, seier Holdhus.
Les også: 1007 færre søkte produksjonstilskudd
Kollegaen Anton Sundby (55) seier økonomien er svak anten ein driv stort eller lite.
— Problemet er at innteninga er for svak til å klare investere, anten ein driv stort eller lite, seier han.
Bjørke: — For svak økonomi
Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag seier nedgangen i talet på bruk blir ei utfordring når jord blir tatt ut av drift, noko han seier er i strid med målet om meir matproduksjon. Tilskotsveksten er ifølgje Bjørke òg for liten til å nå måla i landbruksmeldinga, og han seier minustala til den største tilskotsmottakaren er eit tankekors.
— Utfordringa er at svak økonomi og stor kostnadsvekst generelt i næringa, seier han.
Sjølv står Bjørke oppført med 451.000 kroner i produksjonstilskot medan leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag gjekk ned 34.000 kroner i tilskot. Det kan du lese meir om i eavisa til Nationen, som kan kjøpast her.












