Styreleiar gjennom to år i Tine, Trond Reierstad, er i innstillinga til valkomiteen vraka som styreleiar i meierikonsernet.
Var villig til å ta attval
Sjølv seier han at han var villig til å ta attval som styreleiar, og at han gav uttrykk for det overfor valkomiteen.
- Kva synes du om at du ikkje fekk fornya tillit av valkomiteen?
- Det får eg berre ta til etterretning. Eg er stolt over det vi har fått til i Tine dei to siste åra. Vi har levert bra resultat og fått til mykje. Val av styreleiar og styremedlemer i eit samvirke er ein demokratisk prosess og valkomiteen får svare for sine val.
Les også kommentar: Riktig å skifte ut Reierstad
Les også: Nytt milliardoverskot for Tine
Les også: Tine sel seg ut av Salmon Brands
Valkomiteen: - Samla vurdering
Leiaren for valkomiteen, Leif Rune Jensen, vil overfor Nationen ikkje kome med ei grunngjeving til kvifor dei vraka Reierstad.
- Det er gjort ei samla vurdering, sa Jensen til Nationen tidlegare denne helga.
Har ikkje fått forklaring på vrakinga
Reierstad kjenner ikkje grunnen til at han blei vraka.
- Har valkomiteen oppgitt ein grunn til at dei føretrekte Eidesen framfor deg?
- Eg har ikkje brukt energi på å få ei forklaring på det. Eg er valt til å vere styreleiar i Tine og eg vil bruke tida til å gjere ein best mogleg jobb og skape meirverdi for mjølkebøndene, seier Reierstad.
- Kan NHO-innmeldinga, smørkrisa eller det at Tine-styret vurderte å selje Diplom-Is hatt innverknad?
- Det skjer mykje i Tine, vi har mange engasjerte eigarar og det vil alltid vere mange meiningar om kva vi gjer og kva vi bør gjere. Eg vil konsentrere meg om å gjere den jobben eg er valt til å gjere og ikkje bruke tid på slike vurderingar, seier Reierstad.
Les også: Tine sel ikkje Diplom-Is
Les også: Årsmøte vil ha Tine inn i NHO
Les også: NHO Mat og Bio + Landbrukets arbeidsgiverforening = NHO Mat og Landbruk
- Vil du stille som kandidat til vervet som styreleiar viss nokon føreslår deg på årsmøte?
- Det vil eg eventuelt ta stilling til etter kvart, seier Reierstad.
Tine har årsmøte den 26. og 27. april.
Les meir om valkomiteens innstilling og vrakinga av Reierstad i papirutgåva av Nationen måndag.












