Leiteselskapet Dalradian, som har sikra seg store mineralrettar i landet, sendte representantar til Noreg for å fortelje om kva dei ønskjer å oppnå.
Eit overslag tilseier at det finst mineralverdiar til 1500 milliardar kroner.
Omsetjinga i 2010 var på 10,8 milliardar kroner, og kan ifølgje ein rapport frå Norges geologiske undersøkelse (NGU) tredoblast i løpet av 30 år.
Næringa sysselsette 5551 personar i 2010, og gjev arbeidsplassar over heile landet. Sysselsetjingstala kan ifølgje NGU doblast i løpet av 30 år.
Dei viktigaste fylka målt etter salsinntekter frå bergverk, er Møre og Romsdal, Rogaland, Finnmark, Nordland og Vestfold.
Omsetjinga frå Svalbard plasserer øysamfunnet mellom Rogaland og Finnmark.
Kjelde: Norges geologiske undersøkelser (NGU)
Næring i vekst
Aukande prisar og frykt for knappleik på viktige industrimineral har skapt stor optimisme i bergverksindustrien.
Etter at den nye Minerallova trødde i kraft 1. januar 2010, vart det same år løyvd rett til å leite etter utvinnbare mineralførekomstar på 1139 kvadratkilometer.
Hausten 2011 var arealet meir enn dobla.
For 20 år sidan var staten ein stor eigar i mineralnæringa. I dag er utanlandske eigarar fullstendig dominerande.
Vilkåra for verksemd
Etter minerallova har staten eigarskap til alle metall med eigavekt på 5 og og over, i tillegg til arsen og titan, og mineral av dei.
Alle andre metall og mineral i grunnen er eigd av grunneigar.
Undersøkingsløyve til statens mineralar kan gjevast alle som oppfyller krava i lova. Det er Direktoratet for mineralforvalting som tildeler rettane.
Undersøking krev ikkje løyve frå grunneigar, med mindre det medfører skade av vesentleg betydning på eigedomen.
Det er fyrst når ein evt finn førekomstar og vil gå vidare for å utvikle dei at grunneigar må involverat.
Kjelde: Direktoratet for mineralforvaltning.
Les også: Mellommannen seier Dalradian er best i verda på leiteverksemd
— Det er positivt at kanadiarane syner interesse, for det tyder på at det er mange som har trua på norsk mineralindustri, seier næringspolitisk talsperson Svein Flåtten i Høgre.
Flåtten og Bredvold fekk fredag møte representantar for det kanadiske leiteselskapet Dalradian på Stortinget.
Areala kanadierne har kjøpt leiterettar for i Noreg tilsvarar 5 prosent av landmassane i landet, og gjer Dalradian til den desidert største aktøren i norsk mineralnæring.
Møte for å informere
Administrerande direktør Patrick Anderson og økonomisjef Keith McKay i Dalradian møtte også statssekretær Rikke Lind (Ap) i Nærings- og handelsdepartementet i Oslo.
Les også: Store Norske har funne gull
Møta med norske politikarar var sette i stand av den norske forretningsmannen og Venstre-politikaren Bernt Stilluf Karlsen, som har vore mellommann for det kanadiske oppkjøpet av undersøkingsrettar i Noreg. Anderson seier selskapet ønskte å introdusere seg for norske politikarar.
— Vi er på ein introduksjonsrunde for å fortelje kva vi driv med og kva vi ønskjer å oppnå i Noreg, seier han.
Bredvold i Frp vurderer det som utelukkande positivt at nokon tek tak.
— Vi har dessverre ikkje utdanna nok geologar sjølv dei siste åra fordi vi har satsa på olje. Det er bra det no kjem eit selskap med solide erfaringar og vil investere, seier han.
Delte meiningar om oppkjøp
Næringspolitiske talspersonar for KrF, Ap, Sp og SV, som av ulike grunnar ikkje møtte det kanadiske selskapet i går, har delte meiningar om oppkjøpet.
Les også: Flåthen: - Store Norske kan bli et Statoil på land
Irene Lange Nordahl i Sp, Alf Holmelid i SV og Rigmor Andersen i KrF seier dei er uroa over at så store landareal no hamnar på utanlandske hender før Noreg har fått på plass ein nasjonal mineralstrategi.
— Vi vil gjerne leggje til rette for private aktørar, men det kan ikkje vere slik at verdiane vert førte ut av landet utan å gje nasjonal verdiskaping og regionale ringverknadar, seier Nordahl.
Arne L. Haugen i Ap vil ikkje uttale seg om det kanadiske oppkjøpet før han veit meir om planane til selskapet og konsekvensane av oppkjøpet.
— Eg hadde ikkje høve til å møte selskapet no, men er interessert i å få til det seinare, seier han.
Les heile saka i e-avisa til Nationen eller papirutgåva.
Mest brukte temaord:
Les også
Utrydningstruede arter øker i Finnmark
Arla fusjonerer igjen
Virke inviterer bøndene til dialog ved å angripe målprisen
Stortingspresidenten vil ha jubileumssong i marsjtakt til 2014
Kald vår gir treg start for grønsakdyrkarane
Ap-topp støttar lov om handelsskikk
Noreg erobrar Polhavet med luftputebåt
Handelsnæringen avviser fagbevegelsens krav til lov om handelsskikk












