Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Bondelagsleder Nils T. Bjørke forklarar vrakinga av Quality Hotel Hafjell, som gjekk over til Q-meieriene. Foto: Scanpix

Bondelagsleder Nils T. Bjørke forklarar vrakinga av Quality Hotel Hafjell, som gjekk over til Q-meieriene. Foto: Scanpix

Bondelaget forklarar vraking av hotell med maktkampen i matvaremarknaden

Nils T. Bjørke seier årsaka til at Oppland Bondelag vraka Quality Hotel Hafjell, som har gått over til Q-meieriene, handlar om maktkampen i matvaremarknaden.

Publisert: 17.02.2012 19:25

I eit innlegg i Nationen fredag skriv Nils T. Bjørke at det går føre seg ein beinhard kamp om kven som skal ha kontroll med distrubusjon av matvarer i Noreg.

 

- Butikkjedene og storhushaldningsgrossisten Asko ønskjer å ta over all distribusjon. Det gjer dei for å styrke maktposisjonen sin, skriv Bjørke.

 

Innlegget kjem i samband med at Oppland Bondelag vrakar Quality Hotel Hafjell som vertskap for årsmøta sine sidan dei har gått over til Q-meieriene.

 

- Det er ikkje ein konflikt mellom bøndene som leverer til Q-meieriene og Tine. Det er ein kamp mellom bøndene og kjedemakta. Enten dei produserer til Tine eller Q, så er det avhengig av at det er balanse i makttilhøva i kjeda. Ei styrking av matkjedene vil vere ein direkte trussel mot lønsemda til bonden, skriv Bjørke.

Les også: Regjeringen vil ikke forandre landbrukspolitikken

Les også: Matkjedene har uforholdsmessig stor makt

Les også: Brekk vil følge opp matkjedeforslagene

Les også: Brekk: - Noreg har sove i timen.

Les også: Tre av fire mener matkjedene har for mye makt

Les også: Meiner kjedene sporar av matmaktdebatten

Les også: Fire av ti vil splitte opp kjedemakt

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT