Importen av sentrale jordbruksvarer held fram med å auke i stort tempo og samla blei det importert landbruksvarer for 40 milliardar kroner i fjor.
Les også: Stort behov for import av storfekjøtt uroar Bondelaget og Nortura
Det viser ferske tal som Statens landbruksforvaltning (SLF) la fram i går. I verdi auka den samla importen med 13 prosent frå 2010, eller med nær 5 milliardar kroner.
Les SLF-rapport: Import av landbruksvarer
Kjøtt- og meierivarer, som utgjer ein svært stor del av verdien i den norske jordbruksproduksjonen, fekk stor importvekst. Meierivarer auka åleine med 22 prosent til 27.750 tonn i 2011.
— Truar produksjonsmål
Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag krev tiltak mot importveksten.
— Veksten er urovekkjande stor og norske bønder får ikkje vere med på å dekkje forbruksveksten. Importen truar målet om auka norsk matproduksjon. Vi klarer ikkje nå målet i landbruksmeldinga utan nye og kraftige tiltak, seier Bjørke.
Meir ost og yoghurt
Importveksten på meierivarer kjem i stor grad innan ost, yoghurt og bearbeida meierivarer.
Les også: Dobling i import av landbruksvarer på ti år
Osteimporten utgjer over ein tredjedel av den samla importen av meierivarer, og veksten i osteimporten var på 13 prosent i fjor. Yoghurtimporten auka med 24 prosent og samla var importveksten på 22 prosent på meierivarer.
— Importauken er betydeleg. Ein del av importen kjem på tollfrikvotar og er regulert av internasjonale avtalar, men vi ser også at ein del av meierivarene blir tatt inn til full toll. Det blei blant anna tatt inn 4500 tonn ost til full toll, seier seniorrådgjevar Anne Thorine Lundstein i SLF.
Les også: Klart for økt import av ost og kjøtt
Dobla import av storfekjøtt
Importen av storfekjøtt blei dobla i fjor, og det er venta ytterlegare vekst på 50 prosent i år.
Les marknadsrapporten til SLF
— Det samla importbehovet på storfekjøtt blir på rundt 15.000 tonn i år. Det ser ikkje ut til at importbehovet blir redusert framover, men det kjem òg an på kva tiltak som blir sett inn, seier rådgjevar Runa Himle i SLF.
Les heile saka i papirutgåva fredag 17. februar eller i e-avisa.












