Førre veke gjorde Senterpartiet det kjent at dei jobbar for å få store skogtiltak inn i klimameldinga.
Ifølgje Sp-leiar Liv Signe Navarsete er skogtiltak hennar viktigaste prioriteringar i regjeringsforhandlingane om den komande stortingsmeldinga.
Partiet vart raskt møtt med motstand frå regjeringspartnar SV og frå Naturvernforbundet, som begge fryktar ei prioritering av skogtiltak vert ei kvilepute som hindrar effektive kutt i andre sektorar.
No får Sp også kritikk frå Samarbeidsrådet for biologisk mangfald (SABIMA), som seier tiltaka partiet jobbar for kjem til å medføre stort tap av biomangfald.
Meiner tiltaka endrar naturen for alltid
Tiltaka Sp vil ha inn i klimameldinga går ut på å plante 5 millionar dekar ny skog, pleie skogen betre for å auke CO2-opptaket og å ta ut meir til bioenergi og klimavenleg bygningsmateriale. Sp grunngjev tiltaka med at nyplanting av 5 millionar dekar ny skog på sikt kan redusere norske CO2-utslepp med 12 millionar tonn, som tilsvarar det den norske bilparken slepp ut i løpet av eitt år.
Ifølgje SABIMA kjem nyplantinga til å medføre ei så omfattande arealendring at det ikkje berre fjernar leveområdet til mange trua argar, men også kan endre naturen for alltid.
I eit innlegg i Dagsavisen syner dagleg leiar Rune Aanderaa i SABIMA til at tapet av biomangfald allereie er større enn nokon gong før.
- Det er i dag planta om lag 2,7 millionar dekar skog i Noreg. Desse plantefelta utgjer allereie ein stor trussel mot biomangfaldet fordi leveområda til mange raudlista artar forsvinn, skriv Aanderaa.
Fryktar framande treslag
Aanderaa syner til at tapet av biomangfald vert verre når det vert brukt treslag som er framande i norsk natur, og påpeikar at tidlegare framlegg om storskala utplanting av tre har involvert bruk av det framande, nordamerikanske bartreslaget sitkagran.
- Sitkagran har eigenskapar næringa likar, som høg vind- og salttoleranse og rask vekst, men eigenskapane fører også til at sitkagrana utkonkurrerer stadeigne artar, skriv han.
- Det kan endre kystnaturen på Vestlandet og Nord-Noreg for all framtid, natur som står på UNESCO si verdsarvliste, skriv Aanderaa og trekkjer fram at eit samrøystes fylkesting i Nordland har åtvara mot omfattande planar om planting av framande treslag etter å ha oppled dei negative konsekvensane av granplantefelt i deira fylke.
- Kan verke mot føremålet
SABIMA syner også til at regjeringa tidlegare har sagt at det skal satsast på klimatiltak som er positivt både for klima og for biomangfald.
- Rett før jul la regjeringa fram landbruksmeldinga, som ikkje nemner skogplanting som satsingsområde. Framlegget frå Senterpartiet har med andre ord inga forankring i regjeringas politikk, meiner Aanderaa.
Også professor Anders Hammer Strømman ved NTNU i Trondheim har åtvara mot å vurdere klimaeffekta av skogplanting berre ut frå CO2-bindinga. Han seier nyare forsking frå Canada og Nord-Russland syner at skogplanting som klimatiltak i nordlege område kan verke mot føremålet.
Les også: Sp vil spisse miljøprofilen












