Langstrakt og ope med rom for både kvile og kunnskap. Slik blir vinnarutkastet til pilegrimssenteret i Røldal omtala.
Bygget ligg lågt i terrenget med nesten flatt tak og opning mot stavkyrkja. Det likar juryformann og prosjektleiar, Ole D. Hagesæther, godt.
Les også: Tror på ny turist-type
— Dette er veldig audmjukt og forsiktig i forhold til sjølve kyrkja. Kyrkja skal vera signalbygget, og me vil ikkje ha ein konkurrent i pilegrimsbygget. Det er kompakt og godt laga, funksjonane ligg tett og det er gode moglegheiter for fleirbruk i bygget, seier den tidlegare Bjørgvin-biskopen til NRK.
Han meiner bygget både gjev rom for at pilegrimane får kvila og for at turistane får innsikt i historia rundt stavkyrkja i Røldal.
Unikt i Noreg
Pilegrimssenteret er kostnadsrekna til rundt 30 millionar kroner og er det første i sitt slag i Noreg. Prosjektarbeidet er sett i gang av Odda kommune.
Hordaland fylkeskommune har så langt støtta tiltaket med to millionar kroner. Sjølv om mykje av finansieringa framleis manglar, har initiativtakarane eit håp om at byggjearbeidet kan ta til i 2014 eller 2015.
Internasjonal interesse
Interessa for å vera med i konkurransen om å forma pilegrimsbygget har vore overveldande, synest juryen. Også Norske arkitekters landsforbund (NAL) er overraska over den store pågangen.
— Med 182 utkast er dette er den fjerde største arkitektkonkurransen som har vore arrangert i Noreg, seier konkurranseleiar i NAL, Per Rygh, til Nynorsk pressekontor.
Den største var konkurransen om utforminga av Operaen i Oslo, der det kom inn 242 utkast. På same måten som Operaen, samla også pilegrimsbygget stor internasjonal interesse.
Over halvparten av dei 182 utkasta, kom frå utanlandske arkitektar. Rygh meiner det mellom anna heng saman at arkitektar i Sverige, Danmark og på kontinentet har lite å gjera.
— Men denne typen museumsbygg er alltid attraktive fordi det gjev stor fridom til formgjeving. Det heng nok også saman med kvar bygget skal plasserast og tilhøvet til stavkyrkja, seier Per Rygh.
På pallen blei det likevel heilnorsk siger då premiane for dei tre beste utkasta skulle delast ut. Trodahl Arkitektur frå Sandnes og LJB Arkitektur og Landskap frå Bergen kunne gle seg over høvesvis andre- og tredjepremie. (©NPK)












