Vegdirektoratet og politiet kranglar om tolkinga av regelverket for traktorkøyring.
Striden starta då to sjåførar tidlegare i vinter fekk bøter for å køyre traktor på ein omkøyringsveg i Klepp kommune i Rogaland.
Sjåførane meinte traktorane gjekk fort nok og trassa forbodsskilta.
Les også: Får ikke kjøre traktor til tilleggsjorda
- Me har førebels ikkje konkludert korleis regelverket skal tolkast. Det kan vere traktorar får tilgang til alle vegar, seier Øyvind Haukland ved Rogaland politidistrikt til Stavanger Aftenblad ifølgje VG.
Haukland har i oppgåve å sjå om traktorforbodskiltet på vegen er i konflikt med trafikkreglane.
- Me må finne ut om forbodet berre gjeld for traktorar som lovleg kan køyre i minst 40 kilometer i timen, seier han til Stavanger Aftenblad.
Vegdirektoratet meiner reglane ikkje kan mistolkast.
- Om det er eit skilt om forbod mot traktor, så gjeld det alle traktorar. Ein norskprofessor har til og med stadfesta at det ikkje er noko å seie på norsken, seier seniorrådgjevar Harald Gjelsvik.












