Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Leiar i Oppland Bondelag, Trond Ellingsbø, seier medlemane ikkje vil ha anna enn mjølk frå Tine. Nå vrakar dei Quality Hotel Hafjell. Foto: Arkiv

Leiar i Oppland Bondelag, Trond Ellingsbø, seier medlemane ikkje vil ha anna enn mjølk frå Tine. Nå vrakar dei Quality Hotel Hafjell. Foto: Arkiv

Oppland Bondelag vrakar Quality Hotel som har gått over til Q-meieriene

Oppland Bondelag har i mange år halde årsmøta sine på Quality Hotel Hafjell, men etter at hotellet skifta mjølkeleverandør er det slutt på det.

Publisert: 14.02.2012 11:56

Hotellet i Øyer har tidlegare brukt mjølk frå Tine, men har no gått over til Q-Meieriene.

 

— Då det vart kjent fekk vi ein god del reaksjonar frå medlemmene våre om at vi burde sjå oss om etter eit anna hotell. Det har vi gjort, seier leiar i Oppland Bondelag, Trond Ellingsbø til NRK Hedmark og Oppland.

 

Overfor NRK understrekar leiaren at bondelaget er godt tilfreds med hotellet dei brukte før. Valet er heller ikkje ein protest mot hotellet, men ein reaksjon mot den inngåtte kjedeavtala.

 

Les også: Melken inneholder mindre jod

 

Ellingsbø viser vidare til formålsparagrafen, som seier at ein skal jobbe for størst mogleg tilslutning til landbrukssamvirket, og meiner det av den grunn er naturleg å velje eit hotell der Tine er mjølkeleverandør.

 

— Dette er ikkje noko forsøk på å unngå Q-Meieriene. Bondelaget er til både for dei som leverer til samvirket og dei som leverer til private aktørar. Men den avtala kjeda har inngått betyr at Tine ikkje får levere mjølk til denne kjeda, og det tykkjer vi ikkje osar av konkurranse.

 

Les også: Heidi sendte alle melkekyrne til slakt

 

(©NPK)

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT