Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Presset aukar mot Ap-leiinga, som frå før har regjeringspartnarane SV og Sp, i tillegg til  LO, Unio og YS mot seg i kampen om det omstridde direktivet. Foto: Scanpix

Presset aukar mot Ap-leiinga, som frå før har regjeringspartnarane SV og Sp, i tillegg til LO, Unio og YS mot seg i kampen om det omstridde direktivet. Foto: Scanpix

Motstanden mot vikarbyrådirektivet aukar i Ap

Ap-lokallag i tre av dei fem største byane i landet har gått inn for veto mot vikarbyrådirektivet.

Publisert: 13.02.2012 10:49

I helga fatta både Bergen og Trondheim Ap vedtak om veto mot EUs vikarbyrådirektiv. Førre veke gjorde Stavanger Ap det same, til liks med andre lokallag i Rogaland.

 

Det aukar presset mot Ap-leiinga, som frå før har regjeringspartnarane SV og Sp, i tillegg til  LO, Unio og YS mot seg i kampen om det omstridde direktivet. Stortingsgruppa til Ap har røysta for direktivet.

 

Varslar kamp internt

Leiarane Rune Olsø i Trondheim Ap og Marte Mjøs Persen i Bergen Ap gjer det klart at saka ikkje er diskutert ferdig i Arbeidarpartiet.

 

- No har dette vorte ein stor debatt i Ap-organisasjonen, og det har jo ikkje vore noko avrøysting i Stortinget enno. Så lenge det er debatt og så lenge det er gode argument på begge sider, er ikkje det endelege ordet sagt, seier Mjøs Persen til Dagsavisen.

 

Olsø varslar at direktivet kjem til å verte tema på fylkesårsmøta i Ap framover.

 

- Eg håpar regjeringa ser at grasrota i Ap meiner ein ikkje må gjere noko som svekkjer arbeidstakaranes rettar. Svekkinga av arbeidsmiljølova er uaktuelt for oss å godta, seier Olsø til Klassekampen.

 

Sp tek stilling i dag

SV har frå før gjort vedtak mot direktivet og har trua med å ta dissens når saka skal handsamast i regjeringa.

 

Senterpartiet er også imot direktivet, men har ikkje teke stilling til spørsmålet om veto enno. Det skjer under sentralstyremøtet i partiet i dag.

 

Partileiar Liv Signe Navarsete har gjort det klart at ho vil ha Sp-veto mot direktivet.

 

LO som drivkraft

Ifølgje Klassekampen er det LO-tillitsvalte som er drivkrafta bak dei lokale Ap-vedtaka mot direktivet. I Trondheim stod samarbeidskomiteen LO/Ap bak framlegget om veto mot direktivet. Vedtaket vart gjort samrøystes.

 

I Bergen vart fråsegna om å be regjeringa bruke vetoretten mot vikarbyrådirektivet vedteken med 46 mot 37 røyster, ifølgje Dagsavisen.

 

Både forsvarsminister Espen Barth Eide og helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen var på årsmøtet. Ifølgje Bergens Tidende snakka dei begge varmt om direktivet. Det gjorde også justisminsiter Grete Faremo, då ho var til stades under fylkesårsmøtet i Troms Ap i helga. Troms Ap endte på eit ja til direktivet.

 

Ifølgje lokallagsleiar Odd Arne Thunberg kjem Tromsø Ap også truleg til å lande på eit positivt vedtak om direktivet når dei om to veker har årsmøte. Det seier Thunberg til Dagsavisen.

 

Må få med opposisjonen

Nestleiar og parlamentarisk leiar Helga Pedersen i Ap avviste førre veke at stortingsgruppa kjem til å ta vikarbyrådirektivet opp til ny handsaming, trass motstand frå fleire hald.

 

- Vi har konkludert, og der står saka. Så er det opp til lokallaga å debattere det dei ønskjer og treffe dei vedtak dei ønskjer, sa ho til LO-Aktuelt.

 

Les også: Bjurstrøm seier vikar-tiltaka ikkje bryt med EØS-avtalen

 

Dersom Senterpartiet i ettermiddag går for veto, må direktivtilhengjarane i Arbeidarpartiet alliere seg med opposisjonen for å sikre stortingsfleirtal for det omstridde direktivet.

 

Direktivet skal etter planen opp i Stortinget i løpet av våren.

 

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT