Les også: Tine: Smørmangelen fortsetter
Det syner ei undersøking Sentio har utført for Nationen. Forskingsleiar Oddveig Storstad ved Norsk senter for bygdeforsking er overraska over at tala er så høge.
— Me føretrekkjer helst norske varer fordi det er dei me kjenner. Forbrukarstøtta til norsk landbruk trur eg utgjer berre ein liten del av forklaringa. Forbrukarane har høg tillit til norsk mat, seier Storstad.
Les også: Melkeprodusent: Tine kutte avverget smørkrisa
Ho seier det er fleire årsaker til at nordmenn har høg tiltru til norsk mat, mellom anna at Noreg ikkje har hatt store matskandalar.
Sterkt signal, seier Brekk
— Det er svært gledeleg at norske forbrukarar har så stor tiltru til norsk mat, og at omdømmet er så sterkt, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp).
Han seier tala underbyggjer målsetjingane i landbruksmeldinga om å auke norsk matproduksjon, og at Noreg skal ha høg sjølvforsyningsgrad på produkt det er naturlege føresetnader for å produsere her til lands.
— Det er eit sterkt signal for ambisjonsnivået vårt at forbrukarane har høg oppslutning om norsk landbrukspolitikk. I tillegg er det ei tillitserklæring til Tine, Synnøve Finden og Q-meieriene som produserer gode produkt basert på gode råvarer, seier Brekk.
Bygdefolk mest positive
Undersøkinga syner at folk i grisgrendte strøk er meir positive til norske meieriprodukt enn folk i byane. 76 prosent av Oslo-folk føretrekkjer norske meierivarer, medan heile 92 prosent på bygda helst kjøper norsk.
— Noko av forklaringa handlar om at folk på bygda har mange bønder rundt seg, og ei anna forståing av landbruket og kva bondeyrket inneber. I tillegg trur eg at for mange er det å ikkje kjøpe norske produkt ein politisk protest mot norsk landbruk og korleis landbruket er organisert, seier Storstad.
Ho seier smørkrisa før jul mediemessig var ei gåvepakke for dei som er misnøgde med landbrukspolitikken og samvirkeorganiseringa.
— Men det må meir til enn ei leveringskrise for Tine for å endre forbrukarsynet på norsk mat, seier Storstad.
Les heile saka i papirutgåva eller i e-avisa for måndag 13.februar.












