Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Ordførar i Bjerkreim, Marthon Skårland (Høgre), seier det tener partiet at dei også kan tenkje jordbruk. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Ordførar i Bjerkreim, Marthon Skårland (Høgre), seier det tener partiet at dei også kan tenkje jordbruk. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Rogaland Høgre vil styrke landbruket

Høgre i Rogaland vedtok ein landbruksresolusjon på landsmøtet i helga.

Publisert: 13.02.2012 20:12

Rogaland Høgre  meiner vedtaket vil styrke landbruket og sikre jordbruket gode og stabile rammevilkår under årsmøtet denne helga.


Les også: Usemje om landbruk i Høgre

Partiet vedtok å styrke posisjonen til Rogaland som «matfylket». Høgre vil med jordbruksresolusjonen sørge for at grensene for kva som skal takast vare på av jordbruksjord og kva som skal byggast ut skal overhaldast.

 

- Det tener Rogaland Høgre at me syner at me også kan tenkje jordbruk. Bøndene må ikkje tenke på kva som skjer med dei viss Erna kjem til makta. Eg vil vite at me har eit oppegåande jordbruk også i 2030, sa Marthon Skårland, ordførar i Bjerkreim kommune, ifølgje Stavanger Aftenblad. 

 

Motstandarane av vedtaket kalla resolusjonen stalinistisk jordbrukspolitikk.


Les også: Høgre: - Regjeringen svikter bonden

- Bøndene er ikkje næringsdrivande, men sterkt subsidierte. Norsk landbruk er det næraste me kjem stalinistisk planøkonomi, sa Ole Henrik Nesheim.

 

Resolusjonen blei vedteke med stort fleirtal. I tillegg ønskjer Rogaland Høgre å auke eigenforsyningsgraden i takt med folkeveksten, arbeide for økonomisk bærekraftig utvikling i jordbruket, føre skatte- og avgiftspolitikk som styrker bonden og betre investeringsgrunnlaget i landbruket gjennom til dømes avskrivingsordningar.

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT