Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsbanken for biologisk mangfald, reagerer på Høgre sitt utspel i Stortinget om at svarthalespova ikkje oppfyller krava til raudlisting.
- I den siste utgåva av den nasjonale raudlista er svarthalespova vurdert til å vere i kategorien sterkt truga. Det er heller ingen fagleg usemje om bestandssituasjonen eller raudlistestatusen til svarthalespova i Noreg, seier Beate Horg, seniorrådgjevar i Artsdatabanken.
Ho seier årsaka til at fuglen fyller krava til raudlisting er at det i Noreg er ein svært liten bestand.
- Men om svarthalespova skal vere ein prioritert art i Noreg jamfør naturmangfaldlova, er ei oppgåve for regjeringa. Raudlisting og prioritering er to ulike prosessar, seier Horg.
Bøndene på Jæren fryktar bandlegging av jord på grunn av mogleg hekkeplass for svarthalespova, i praksis vil føre til brakklegging og store konsekvensar for matproduksjonen.
Artsdatabasen produserer raudlister for artar og naturtyper i Noreg, men har ikkje mandat i høve bruk og vern av norsk natur.












