Tirsdag 22.05.2012 UKE 21
Laster
Miljøvernminister Erik Solheim måtte svare på hvorfor svarthalespoven er på rødlista over verneverdige dyr i Norge. 
Foto: Scanpix

Miljøvernminister Erik Solheim måtte svare på hvorfor svarthalespoven er på rødlista over verneverdige dyr i Norge. Foto: Scanpix

Solheim innrømmer manglande kunnskap om svarthalespove

Miljøvernminister Erik Solheim (SV) ønskjer å ta vare på artar som er på den norske raudlista, men innrømmer kunnskapsmangel om svarthalespova.

Publisert: 09.02.2012 10:35
Svarthalespove. Foto: Mirko Thiessen

Svarthalespove. Foto: Mirko Thiessen

Kart

Miljøvernminister Erik Solheim (SV) meiner Noreg har eit ansvar for å ta vare på artar som er trua her i landet, men ikkje nødvendigvis trua elles i verda.

 

Det gjeld også svarthalespova, som statsråden fekk spørsmål om i den munnlege spørjetimen på Stortinget onsdag. Solheim peika på konfliktar arten har med landbruket på Jæren, og sa regjeringa har eit sterkt ønskje om å løyse dei.

 

- 26. januar blei det lagt fram ei ordning mellom grunneigarar og fylkesmannen om økonomiske verkemidlar knytta til utsett slått. Ordninga tyder at ingen bønder skal lide vesentlege økonomisk tap, sa Solheim, men sa samstundes at han ikkje er nokon ekspert på svarthalespova.

Bøndene på Jæren fryktar bandlegging av jord på grunn av mogleg hekkeplass for svarthalespova, i praksis vil føre til brakklegging og store konsekvensar for matproduksjonen.


- Vilkårleg forvalting

Nikolai Astrup, stortingsrepresentant for Høgre, spurte statsråden kvifor fulgen kvalifiserte som prioritert art på vernelista. Han meiner naturmangfaldlova blir forvalta på ein vilkårleg måte.

 

- Svarthalespova innvandra til Noreg i 1969 frå deira naturlege habitat i Tyskland, Nederland og Danmark. Sidan den gong har det vore ein stabil bestand på om lag 20 hekkande par på Jæren. I Europa er det mellom 99.000 og 140.000 hekkande par og på verdsbasis 800.000 individ. Det er på ingen måte ein art som er trua i deira naturlege habitat. Likevel blei den oppført som prioritert art i Noreg, med store konsekvensar for landbruket på Jæren, sa Astrup.

Les også: Jærbønder meiner vern av svarthalespove vil gi grovfôrmangel

 

Astrup meiner handteringa av naturmangfaldlova i denne saka gjer at folk får mistru til miljøvernstyresmaktene.

 

- Svarthalespova er klassifisert som ein sterkt trua art på den norske raudlista for artar, fordi den har ein svært liten bestand i Noreg. Det er årsaka til at den blei peika på som ein prioritert art, sa Solheim.


Kompensasjon

Han sa også at det er viktig å ta omsyn til underartane til svarthalespova og andre trekkfuglar som dreg nordover.

Les også: Åtte dyre- og plantearter får lovbeskyttelse

 

- Dialog med bønder om kompensasjon for at jorda deira blir stilt til disposisjon er eit tema me har for ei rekke andre artar, sa Solheim.


- Fyller ikkje krava

Frank Bakke-Jensen (Høgre) sa svarthalespova ikkje fyller krava for raudlisting.

 

- Det er tre prioriteringar som blir vektlagt når ein skal raudliste ein art. Det er at arten har ein bestandssituasjon eller ein bestandsutvikling som gjer at vern er naudsynt, at arten har ein vesentleg del av den naturlege utbreiinga i Noreg, eller at det er internasjonale forpliktingar knytt til arten. Svarthalespova fyller ingen av krava, sa Bakke-Jensen.

 

Solheim sa seg imponert over kunnskapane til Høgre om svarthalespova.

 

- Eg skal gå heim og gjere heimeleksa mi og lese grundig om denne arten. Eg har ikkje registert nokon fagleg usemje om svarthalespova bør vere på raudlista, men eg skal sjølvsagt gå attende og sjekke, sa Solheim.

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT